Det er venta mykje regn i Nord-Rogaland

Farevarselet frå Meteorologisk institutt er oppjustert frå gult til oransje nivå. Dei fleste vêrmodellane viser at dei kraftigaste bygene er venta i Hordaland. Nord-Rogaland ser ut til å treffast med byger i den nedre delen av skalaen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.08.2019

Det vil seia opp mot 40 millimeter. Det er likevel usikkert. Bygene er uansett venta å vera kraftige. Dei ser ut til å vera mest intense seint i kveld og rundt midnatt.

Fylkesmannen presiserer at sjølv om meldinga ikkje er ekstrem, kan vêret medføra tildels store skadar der det treff.

Oransje farevarsel får me når ein må bu seg på "at konsekvensene blir omfattende for mange mennesker. Det kan være en reell fare for at liv og verdier kan gå tapt, at veier kan bli stengt og og avganger med båt, fly og annen transport bli kansellert. Du må være forberedt på alvorlige konsekvenser."

Meir informasjon om dette kan du finna her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar