Rettleiing til klagar

Korleis klager ein på eit vedtak fatta av kommunen i ein byggjesak eller når kommunen har vedtatt ein reguleringsplan? Sjå oversikten under.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2015

Kva kan eg klage på?

Etter forvaltningslova er det berre enkeltvedtak du kan klage på. Eit enkeltvedtak er definert som ein avgjerd gjort av offentlege styresmakter som slår fast rettigheter eller plikter til private rettssubjekt. Innanfor plan- og bygningsretten vil eksempel på vedtak vere byggjeløyve, dispensasjon eller ulike former for pålegg. Når kommunen har vedtatt ein reguleringsplan, kan du òg klage på dette.

Det er fleire avgjerder som ikkje er enkeltvedtak etter forvaltningslova, og som derfor ikkje kan klagast på. Dette gjeld m.a. når kommunen veljar å ikkje forfølgje eit ulovleg som er ubetydeleg. Fylkesmannens vedtak i klagesaker kan ein heller ikkje klage på.

Kven kan klage?

I tillegg til at det må vere fatta eit vedtak, må den som klager vere part eller ha rettsleg klageinteresse. Eigar av den eigedomen som vedtaket gjeld vil normalt alltid vere part i saka, og kan klage. Naboar vil òg som hovudregel ha rett til å klage.

Kva er fristen for å klage?

Klagefristen er regulert i forvaltningslova § 28. Utgangspunktet er at du må klage innan 3 veker frå du har fått underretting om vedtaket, typisk i posten. Viss du ikkje har fått underretting om vedtaket, er klagefristen 3 veker frå du fekk eller burde ha fått kjennskap til vedtaket.

I enkelte tilfelle blir vedtaket offentleg kunngjort, til dømes i pressen. Fristen er da 3 veker frå kunngjeringa.

Korleis klagar eg?

Klagen må vere skriftleg, og sendast til det forvaltningsorganet som fatta det vedtaket du vil klage på. I byggjesaker vil dette vere kommunen. Kommunen skal behandle klagen først, og kan sjølv endre vedtaket. Viss kommunen ikkje tar klagen til følgje, sender kommunen alle dei relevante saksdokumenta over til Fylkesmannen. Klagar en skal få ein oversikt av kva dokument kommunen sender til Fylkesmannen. Klagen skal med andre ord ikkje bli sendt direkte til Fylkesmannen, men først til kommunen.

Kva som skal vere med i ein klage går fram av forvaltningslova § 32. I korte trekk må du nemne kva vedtak du klagar på, og kva endring du ønskjer i vedtaket. Det er ikkje nokon krav til meir grunngjeving i klagen, men det er ein klar fordel om du nemner bakgrunnen for klagen og t.d. kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Kor lang tid tar det å få klagen behandla?

Som nemnt skal kommunen først ta stilling til klagen, og før dette skal motparten få høve til å uttale seg til klagen. Fleire av kommunane behandlar klagane i politiske utval som vanlegvis har møter ein gang i månaden. Det vil derfor normalt gå noko tid før kommunen sender klagen til Fylkesmannen, viss klagen ikkje blir tatt til følgje av kommunen.

Når klagesaken er mottatt hos Fylkesmannen skal saken behandlast snarast mogleg. Gjeld klagen ei byggjesak skal han behandlast innan 12 veker. Klager som er gitt utsatt iverksetting skal normalt behandlast innan 6 veker. Gjeld det klage på ein reguleringsplan er det ikkje nokon frist, men Fylkesmannen tar sikte på å behandle klagen innanfor 3 - 4 månader.

Dekning av sakskostnader

Får du medhald i klagen din, kan du krevje at kostnadene dine med å klage blir dekka, jf. forvaltningslova § 36. Dette gjeld likevel berre vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket.

Du kan rette eit slik krav til Fylkesmannen innan 3 veker etter at du fekk underretning om vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.