Ny regionalplan for Jæren er et godt utgangspunkt for å bygge tett og godt på Jæren, samtidig som me vernar om natur og landbruk

(Foto: Rogaland fylkeskommune, illustrasjon av Berit Sømme)

Fylkesmannen har gitt uttale til Regionalplan for Jæren 2050, fase 2. Fylkesmannen støtter hovudgrepa i planen, og meiner det er gjort eit grundig og godt planarbeid.

For å ivareta viktige regionale og nasjonale mål og omsyn, har vi merknader som blant anna gjeld:

  • Tydelegare differensiering og prioritering mellom utbyggingsområde, klarare retningsliner for å sikra rett verksemd på rett stad og endra soneinndeling for parkeringsdekning
  • Innspel til supplering og konkretisering av nye retningsliner til stadsforming og bukvalitet, og til blågrøn struktur
  • Etterlysing av større fokus på klimakutt og klimagassreduksjon i planen, særleg med verkemidlar som kan sikrast gjennom arealdisponering
  • Innspel til aktuelle oppfølgingsoppgåver som kunne vore tatt inn i handlingsprogrammet

Regionalplanens fase 2 var på høyring til 20. juni, og i denne fasen var det særleg fokus på utarbeiding av konkrete retningsliner for oppfølging av mål og strategiar som vert fastlagte i planarbeidet si fase 1.

Regional struktur og arealstrategi

Fylkesmannen meiner at prinsippet som er satt for utbygging i regionen; «innanfrå og ut», er eit godt utgangspunkt for å nå planen sitt hovudmål.

Kommunane og fylkeskommunen har tatt eit standpunkt om at dei ynskjer å konsentrera den framtidige utviklinga når dei no har tatt ut arealreserve frå Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren (FDPJ 2000) som ennå ikkje er satt av til utbygging i kommuneplanane. Dette er viktig nå som folkeveksten i regionen ikkje er like høg, og er venta å stabilisera seg på eit lågare nivå. Me meiner at planen kunne gått ennå lengre i å visa ei tydelegare differensiering og prioritering av utviklingsmønster i regionen, med klarare retningsliner om at kommunane bør tilbakeføra utbyggingsareal i kommuneplanane som ikkje bygger opp under regionalplanen sine mål.

Eit godt grunnlag for attraktive og menneskevenlege stader

I dei nye retningslinene for stadsforming er det lagt stor vekt på kvalitative vurderingar, med ei dreiing vekk frå kvantitative mål og krav. Dette opnar for fleire individuelle tilpassingar til dei einskilde områda, og legg til rette for ei større variasjon mellom ulike område. Dette kan bli positivt for å auka stadsidentiteten til dei ulike områda i regionen vår.

Ei større differensiering mellom område, kan i nokre høve og få negative konsekvensar. Den nye regionalplanen opnar for å redusere krava til uteopphaldsareal og solforhold i bysentra og byomformingsområde i bybåndet mellom Stavanger og Sandnes. Me har forståing for at det i nokre område kan vere vanskeleg å sikra både ønska tettleik og svært høg kvalitet på uteområde. Men i desse områda er det i mange høve allereie utfordringar med til dømes trafikk, støy og luftkvalitet. Derfor er det viktig at dei områda som det kan gjerast unntak for ikkje blir for store. Vi har rådd til at kommunane sjølv bør definera avgrensa avviksområde i kommuneplanane, innanfor dei områda som i regionalplanen har vist til.

Den nye regionalplanen har og vektlagt at regionen si bustadpolitikk i større grad må sikre sosial berekraft og bygga på kunnskap om folkehelse og levekår for kommunane sine innbyggarar. Denne utviklinga er gledeleg, sett frå Fylkesmannen si side. Me rår til at regionalplanen i større grad og sikrar at kommunane tar bustadpolitiske omsyn allereie i samfunnsdelen av kommuneplanen.

Aktive, mangfaldige og produktive naturområde

Tap av biologisk mangfald er ei av dei største truslane i verda i dag, og arealendringar er ei av hovudårsakane til dette. Vi ser det derfor som svært positivt at retningslinene legg opp til ei synleggjering og auka prioritering av viktige område for natur, friluftsliv, vannmiljø og flaum, og landskap. Mykje av areala som inngår i den regionale blågrøne strukturen er område med aktiv landbruksdrift. Landbruket er heilt avhengig av eit biologisk mangfald og areal som kan bidra til å flate ut effektane av ekstrem tørke og nedbør, her er våtmarksområda særleg viktige. Retningslinjene bidrar derfor positivt til å sikra økosystemtenester for landbruket.

Sidan dette planarbeidet starta opp har me fått sterkare internasjonalt og nasjonalt fokus på koss arealdisponering og -utnytting påverkar klimagassar og karbon som er bunde i jordsmonn og vegetasjon. Regionalplan Jæren tar opp mange tema på ein god måte, men me saknar noko meir om klimakutt og klimagassreduksjon. Bevaring av blant anna myr, torvmark og skog kan gi mange samverkande positive effektar som bevaring av biologisk mangfald, binding av klimagassar/reduksjon av utslepp, og som del av naturbasert klimatilpassing.

Vidare oppfølging av regionalplanen

Arbeidet med regionalplanen er ikkje ferdig sjølv om planen om få månadar er vedteken. I fase 3 av planarbeidet skal kommunane, fylkeskommunen og andre arbeida vidare med oppfølging av planen. Dette arbeidet er konkretisert i handlingsprogrammet. Det er mange viktige oppgåver som ligg her.

Me har oppmoda fylkeskommunen om å vurdera ytterlegare oppgåver til handlingsprogrammet:

  • Strategiar for gjenbruk av eksisterande bygnadsmasse i regionen, både for nærings- og bustadbygg. Gjenbruk og ombygging av eksisterande bygg kan vere eit godt og nyttig verkemiddel for å få til auka busetting og aktivitet i allereie utbygde område, og dermed gi mindre behov for å disponera nye areal til utbygging

  • Tydelegare verkemiddel og tildeling av ansvar for å fremma sykkel og gange som gode og attraktive alternativ til bruk av bil

Vår uttale til regionalplanens fase 2 finn du i høgre marg under dokument.