Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa handlar om korleis me samlar inn og bruker informasjon om besøkande på fylkesmannen.no.
Behandlingsansvarleg
Behandlingsansvarleg bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast i behandlinga av personopplysningar. Fylkesmannen som institusjon er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). KMD er også behandlingsansvarleg for fylkesmannen.no. Det vil seia at KMD er ansvarleg for datatryggleiken i løysinga, og skal sikra at alle data blir behandla på ein sikker måte med omsyn til integritetsvern (konfidensialitet), dokumentintegritet og rett identitet. Behandlingsansvarleg er dessutan ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn. KMD skal også sikra at det ligg føre dokumentasjon som viser at oppgåvene blir utførte i samsvar med personopplysningslova og regla gitt etter lova (internkontroll).
Databehandlar er den som behandlar data på vegne av den behandlingsansvarlege. Det enkelte fylkesmannsembetet er definert som databehandlar. Fylkesmannen hentar inn dei personopplysningane me treng for å kunna utføra oppgåvene og tenestene våre. Behandling av personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter. Du blir varsla dersom me hentar inn opplysningar om deg, med mindre innsamlinga av opplysningar er lovpålagd, varsling er umogleg eller svært vanskeleg, eller det er opplagt at du kjenner til opplysningane som varselet skal innehalda.
Innhald
Du har rett til å få informasjon om opplysningane me har om deg, og om korleis me behandlar opplysningane. Om du ønskjer meir informasjon om korleis Fylkesmannen behandlar personopplysningar, kan du ta kontakt på e-postadressa: trippelnett@fylkesmannen.no.
Informasjonskapslar (cookies) og automatisk lagring av informasjon
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir lasta ned og lagra på datamaskinen din når du opnar ei nettside. Dei aller fleste nettsider bruker slike informasjonskapslar. Fylkesmannen.no bruker dei til å betra brukaropplevinga di og til å samla inn statistikk. Bruken av informasjonskapslar utgjer ikkje ein tryggleiksrisiko for deg. Du kan avstå frå å samtykka til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at tenestene på nettsida ikkje fungerer optimalt. Ingen av opplysningane me får inn via informasjonskapslar, blir brukte til å identifisera enkeltpersonar.
Webanalyse
Fylkesmannen ønskjer at besøkande på nettsidene våre skal finna det dei er ute etter raskast råd. For å laga og vedlikehalda ein brukarretta nettstad er me avhengige av å kunna analysera brukarmønsteret til dei som bruker sidene våre. Me samlar derfor inn avidentifiserte opplysningar om besøkande på fylkesmannen.no. Med avidentifisert meiner me at me ikkje kan spora opplysningane me samlar inn tilbake til den enkelte brukaren. Føremålet er å laga statistikk som me bruker til å betra og vidareutvikla informasjonstilbodet på nettstaden. Døme på kva statistikken gir svar på er:
- Kor mange som besøker dei ulike sidene våre.
- Kor lenge besøket varer.
- Kva nettlesar som blir brukt.
Opplysningane blir behandla i aggregert form, det vil seia at alle dataa blir slått saman til ei gruppe og blir ikkje behandla individuelt. I tillegg blir opplysningane anonymiserte. Informasjonen kan ikkje sporast tilbake til den enkelte brukar. Viss du ikkje ønskjer å bidra til analyse av bruken av nettsidene våre, kan du reservera deg mot det.
Informasjon lagra i elektroniske skjema
Fylkesmannen bruker elektroniske skjema for å forenkla og effektivisera offentleg forvaltning. Når du fyller ut elektroniske skjema på fylkesmannen.no, vil informasjonen du gir frå deg, bare bli send til den eller dei offentlege verksemdene som treng informasjonen til saksbehandlinga si.
Kontaktinformasjon til Fylkesmannen.