Fylkesmannen i Rogaland er eit miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftinga blei oppretta i 2003 av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning.
Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftinga blei oppretta i 2003 av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning. (Foto: Stiftelsen Miljøfyrtårn)

Me har blitt resertifisert som Miljøfyrtårn. Det er viktig for oss. 

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentera miljøinnsatsen sin og visa samfunnsansvar. 

Det skulle vel berre mangla?

Ja, sjølvsagt. Fylkesmannen stiller krav til andre, både gjennom innkjøp og tilsyn, derfor skal me ha slikt på stell.

Kva betyr det?

Å vera Miljøfyrtårn betyr systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Verksemdene skal oppfylla krav og gjennomføra tiltak for ei miljøvennleg drift og godt arbeidsmiljø. Dette er også ein del av HMS-arbeidet vårt.

Ulike bransjar, ulike krav

Miljøfyrtårn har tilpassa krav for ulike bransjar, og sertifikatet blir tildelt etter ei uavhengig vurdering. Det skal leverast årlege miljørapportar – og kvart tredje år skal verksemda resertifiserast.