Klage på dispensasjon til ny turisthytte Skansen i Frafjordheiane landskapsvernområde

Fylkesmannen klagar på dispensasjon til bygging av Skansen turisthytte i Frafjordheiane landskapsvernområde, Sandnes kommune.

Vi vurderer tiltaket til å vere i strid med verneformålet og at hytta vil påverke verneverdiane vesentleg og varig. Vilkåra for å gi dispensasjon etter verneforskrifta, jf. naturmangfaldlova § 48, er ikkje til stades.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2020

I vedtak av 16.09.2020 ga verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane (SVR) dispensasjon til Stavanger Turistforening for bygging av ny hytte på 295 m², ved Skansen ute på kanten mot Lysefjorden. Området ligg mellom Flørli turisthytte i vest og Øygardstølen og Langavatnet i aust. Frafjordheiane er landskapsverna, der vernereglane mellom anna har forbod mot nye hytter.

Styret i SVR grunngir sin dispensasjon frå forbodet med at hytta vil ha minimal negativ betydning for verneverdiane. Hytta vil fremja tryggleik og ferdsel langs «Lysefjordruta», der avstanden mellom dagens hytter er langdryg i dette området. Samstundes meiner styret at hytta vil bidra til å styrke satsinga på reiseliv i Lysefjordområdet.

I strid med verneverdiane for landskapsvernområde

Vi har forståing for desse behova og målsettingane. Samstundes er vi uenige i at hytta vil ha minimal betydning på verneformålet. Hytta er stor og er tenkt bygd heilt ute på stup-kanten mot fjorden. Dette er eit stortstilt og internasjonalt kjent landskap, der nettopp den særprega og uberørte karakteren skal takast vare på for både natur og opplevingskvalitetar for generasjonar etter oss.

Etter vårt syn er bygging av hytta i direkte strid med verneformålet for landskapsvernområdet. Det er derfor ikkje tilstrekkelig lov-heimel til å gi dispensasjon i denne saka. Vår klage går til verneområdestyret. Dersom styret ikkje endrar sitt vedtak vil klaga gå til Miljødirektoratet for endelig avgjerd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.