Avgrensa høyring av forvaltingsplan for Vigre naturreservat

Forvaltningsplan for Vigre naturreservat ligg no ute til offentleg høyring. Fristen for fråsegn er 17.07.2020. En forvaltingsplan skal sikre ein einskapleg forvalting av verneområdet ved å gje retningslinjer om bruk og brukarinteresser, informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og andre tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.06.2020

Forslag til forvaltningsplan for Vigre naturreservat i Hå kommune ligg no tilgjengeleg i Naturbasen.

Forvaltningsplanen skal sikre ein einskapleg forvaltning av verneområdet ved å gje retningslinjer om bruk og brukarinteresser, informasjon, skjøtsel, tilrettelegging og anna tiltak. Forvaltningsplanen er ei presisering og utdjuping av verneforskrifta, og gjev retningslinjer for dispensasjonspraksis. Forvaltningsplanen definerer vidare mål for forvaltinga av verneområdet, og skildrar aktuelle tiltak for skjøtsel, tilrettelegging, besøksforvaltning mv.

Fylkesmannen ber difor om innspel til følgjande:

  1. Opplysningar om naturverdiar som ikkje er fanga opp i planen.
  2. Opplysningar om bruk av området som er feil eller ikkje er skildra godt nok.
  3. Synspunkt på eventuelle interessekonfliktar som planforslaget kan/vil medføra. Desse bør skildrast så konkret som mogleg, til døme kva for del av området det gjeld, og korleis kan ein justera planen for å løyse eller dempa konflikten.
  4. Synspunkt på føreslått tiltak.

 Høyringsinnspel kan sendast til Fylkesmannen innan 17.07.2020

 

Høyringsinnspel sendes til:

Fylkesmannen i Rogaland

Miljøavdelingen
Postboks 59

4001 Stavanger

eller på epost til fmropost@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.