Melding om oppstart av verneprosess Strondaliane naturreservat i Suldal kommune

I området frå Kvildal til Bråtveit langs med Suldalsvatnet, vert det nå arbeida med å oppretta Strondaliane naturreservat på 13.3 km2 i Suldal kommune. Bakgrunnen for vernet er tilbod frå grunneigarar i området, etter gjeldande ordning med frivillig vern av skog.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2017

Fylkesmannen i Rogaland sender med dette ut melding om oppstart av verneprosess i samband med oppretting av Strondaliane naturreservat i Suldal kommune. Vedlagt oppstartmeldinga følgjer foreløpig kart for verneområdet (sjå høgremargen). Dette vil danna grunnlag for ein meir tilpassa forskrift og verneplan ved endeleg vedtak om vern. Fram mot høyringa kan det skje endringar i avgrensinga.

Alle innspel til oppstartsmeldinga kan sendast Fylkesmannen fmropost@fylkesmannen.no innan 28.mars 2017. Sjå kontaktinformasjon og dokument i høgre marg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.