For pressa

Fylkesmannen si miljøvernavdeling svarar med glede på spørsmål frå media. Det er viktig for oss å vera opne og tydelege. Kontakten med media hjelper oss med å få fram viktige prinsipp og avgjerder i regional og lokal miljøforvaltning. Søk informasjon på nettsidene våre og ta gjerne  kontakt på telefon eller epost om du har spørsmål.


Kontaktinformasjon

For uttalar på vegne av avdelinga, kan desse kontaktast:

fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen

fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen

 fmromaj@fylkesmannen.no, tlf 46 93 47 68 / 51 56 89 27

ass. fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen

fmromsb@fylkesmannen.no, tlf 92 24 90 43 / 51 56 89 36

ass. fylkesmiljøvernsjef Per Kristian Austbø

fmropka@fylkesmannen.no, tlf 46 93 38 44 / 51 56 89 10

Dersom det gjeld ei konkret sak som er til handsaming hos oss, kan du óg få saksopplysningar direkte frå sakshandsamar. I oppslag på våre heimesider vil det oftast vera sett opp ein kontaktperson som er budd på å svare i saka.

Tilsette
Liste over alle tilsette hos Fylkesmannen finn du her
Du kan sortera etter avdeling. Hvis du ikkje er kjent med kven som er sakshandsamar, ring eit av nummera oppgitt over.

Abonnera på nyhende ?
Du kan abonnere på nyhende på Fylkesmannen sine nettsider. Du kan sjølv velja tema du vil abonnera på, og kor ofte du vil ha varsel om nyhende.

Her vel du kva du vil abonnere på av nyhende fra Fylkesmannen

Offentleg postjournal
Følg med på postgong hos Fylkesmannen her

Heiter det fylkesmannen eller Fylkesmannen?
Dette er hovedregelen: Fylkesmannen = embetet, fylkesmannen = personen.

Det fins ein del tilfelle der namnet på eit statsorgan er det same som tittelen til den øvste leiaren for det same statsorganet. Når vi omtalar statsorganet, skal vi følgje dei vanlege skrivereglane for særnavn og bruke stor forbokstav. Men når vi omtalar personen skal vi bruke liten forbokstav. Et unnatak er når ein skriv om forvaltningsnivået generelt, td ”fylkesmannsembeta” . Då skal det brukast liten forbokstav.

Eksempel: Fylkesmannen i Rogaland har gjort et vedtak (statsorganet), medan fylkesmannen i Rogaland (personen) deltok i debatten.

Sitatsjekk
Me set pris på at du sender direkte sitat på mail til utsjekk. Me lovar rask tilbakemelding. Hvis du vil me skal lese gjennom delar av artikkelen sin, så vil du også få ein sjekk på faginnhaldet i artikkelen din. Det siste er sjølvsagt opp til deg. 

Når du siterer våre brev og saksdokument
Dersom du siterer frå eit brev eller anna dokument der Fylkesmannen er avsendar, skal det ikkje visast med sitatstrek slik at det ser ut som om Fylkesmannen har uttalt seg om saka muntleg eller direkte i mail til deg. Når du skriv om innhaldet i eit brev frå oss, skal det koma tydleg fram at det er Fylkesmannen som embete som har vedtatt eller uttalt dette, og ikkje sakshandsamar.