Lyngbrennarar i sør-Rogaland

Friviljuge lyngbrennarar dannar brennelag som tek i bruk moderne verkemiddel for å styrka skjøtselen av kulturlandskapet og gjera den tradisjonelle lyngheibrenninga tryggare og meir effektiv. Då trengst eit nært samarbeid med brannvesen og politi i distrikta. Eldsjelene inviterer til ein møteserie i Sokndal, på Varhaug og Undheim den 6. -7. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2018

I Rogaland er ein viktig biologisk og kulturell arv knytt til naturtypen kystlynghei. Sjølv om mange av heiane våre, særleg fuktheiane, er grasdominerte, lyser lyngen fiolett mange stader i heiane i august.

Brenning av lynghei er tradisjon

Kystlynghei har vore eit fast innslag i fylket vårt i fleire tusen år og har sitt opphav i tradisjonell drift ved å kombinere brenning og beite. Brenninga starta ei fornying av lyngen i dei svidde flatane, og var med på å oppretthalde næringsverdiane til lyngen og marka. I tillegg har slik ein vedvarande drift påverka naturen ved at både plantar, dyr og insekt som trivs best i opne areal fekk godt livsrom.

Den tradisjonelle drifta har vore i tilbakegang mange stader i lengre tid, noko som fører til store endringar i landskapet. Dei openberre følgjene er at landskapet gror att slik at kystlynghei er ein sterkt trua naturtype. Då blir det mindre areal for dei artane som er tilpassa opne lyngheiane. Det auka presset på desse artsgruppene har vore ein av årsakene til at kystlynghei har fått ein særskild status som «Utvald naturtype».

Tilskotsordningar

Ein mindre kjent følgje er at den gamle lyngen, eineren og ungskogen som kjem i etterkant brenn svært lett. Det er til og med nemnt som ei brannbombe om det tek fyr ukontrollert. Dei siste åra har interessa for å bruka kystlyngheia auka, og nå er omlag 100 000 da kystlynghei under organisert skjøtsel etter skjøtselsplan i fylket. Dette blir støtta både av tilskotsordningar i landbruket (Regionalt miljøprogram og SMIL) og frå Miljødirektoratet og Fylkesmannen som tilskot til trua naturtypar (søknadsfrist 15. januar).

Lyngbrenning. Foto: Annlaug Fludal

For å betra skjøtselen og som eit tiltak mot den auka brannfaren med eldre lynghei som gror att, har Haugaland lyngbrenning reserve vakse fram som eit unikt samarbeid mellom lyngbrennarar, bønder og brannvesenet. Nå har Magnus Søyland ført elden vidare sør for Boknafjorden der behovet for forsvarleg lyngbrenning er like stort.

Det blir møte i:

  • Sokndal tysdag 6. november kl. 19.30 (Gamle skulen)
  • Varhaug onsdag 7. november kl. 10.00 (Kommunehuset)
  • Undheim kl. 19.30 (Samfunnshuset)

Sjå annonse frå Strandbuen i lenka til denne nettsaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar