Ikkje brenn lyngheia di no!

Fylkesmannen i Rogaland åtvarar på det sterkaste mot lyngbrenning denne våren. Grunnen er at villbrannar ikkje kan utelukkast, og om uhellet er ute vil det tappa samfunnet for ressursar som trengs andre stadar i desse korona-tider. Vi ber difor alle som planlegg utmarksbrenning no å følge råd frå brannvesenet og aller helst utsetje lyngbrenninga til hausten. Dei fleste kommunane i Sør-Rogaland har framskunda det generelle bålforbodet til 26. mars, og det blir vurdert i resten av fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2020

Planlegg ein brann i utmark skal dette meldast til lokalt brannvesen, og det er viktig at ein følgjer dei føringane som brannvesenet pålegg og dei reglane som gjeld lokalt i kommunen.

Kystlyngheia er ein truga naturart

Fleire tusen års kulturhistorie har skapt dei trelause kystheiane som pregar store delar av utmarka i Rogaland. Kystlynghei med særprega naturmangfald, er sterkt truga internasjonalt og utvald naturtype i Noreg. Tradisjonell drift med brenning om våren for å fornye og forbetre beite, har vore viktige faktorar.

Stor fare for villbrannar

Desse vårbrannane av utmarksområde vil frå tid til anna gje opphav til villbrannar som til dømes i Sokndal i fjor. Slike brannar krev store ressursar av mannskap og involverte frå kommune, politi, brannvesen, bønder og frivillige. I desse tider med høg samfunnsberedskap retta mot korona-viruset, vil det vere svært uheldig om ein villbrann oppstod.

Følg retningslinene til lokalt brannvesen

Dei fleste brannvesena i Sørfylket har no framskunda det generelle bålforbodet, gjeldande frå 26. mars. Det er altså ikkje lov med bål, grill, flatebrenning eller anna eld nær skog og utmark, i dei fleste kommunane. Sjekk eigen kommune eller Rogaland brann og redning IKS/Haugaland brann og redning for oppdatert informasjon.

Fagleg sett, både med omsyn til kystheiane og beite, er det ikkje naudsynt å brenne om våren. Forsking har vist at ein får gode resultat om ein brenner om hausten i staden. For naturmangfaldet kan det være ein fordel at ein freistar å brenne om hausten. Særskilt gjelder dette omsynet til fuglar som hekker i kystheiane, t.d. den truga arten hubro.

I tradisjonell drift blei kystlyngheiane brent når lyngen blei om lag 12-15 år gamal, dette betyr at om ein står over eit år for eit område er det ingen katastrofe. Når det er sagt, må ein nemne at i seinare år har det kome tydelegare fram andre bi-effektar ved lyngbrenning, slik som at lyngbrenning redusera opphoping av virke i utmarka og dermed reduserer fare for villbrann og villbrannintensitet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.