Vegen mot nullutsleppsamfunnet- Klimakur 2030

Visuell framstilling av foreslegne tiltak, henta frå rapporten Klimakur 2030 - tiltak og virkemidler mot 2030.
Visuell framstilling av foreslegne tiltak, henta frå rapporten Klimakur 2030 - tiltak og virkemidler mot 2030. (Foto: Miljødirektoratet)

Vi skal vera med å kutte over heile linja – smått og stort, lokalt, regionalt og nasjonalt, privat og offentleg. I vår uttale har me lagt stor vekt på område der Noreg og Rogaland kan gjere ein skilnad: Berekraftig arealbruk, energiproduksjon,  endring i forbruk, materialeffektivitet, maritime næringar og landbruk.

Klimakur 2030 har vore ute på høyring, kor det er framlegg om fleire tiltak for å redusera kvotepliktige utslepp med 50 % i 2030 samanlikna med 2005. Det ligg i korta til Klimakur 2030 at me får ein strengare klimapolitikk på fleire område. Utredninga skal brukas som underlag for å utarbeida ein plan for korleis vi skal oppfylle Norges klimaforpliktingar i 2030 når ein avtale med EU om felles oppfyllingar er på plass.

Prioritering av klimakutt-tiltak

Det er nemnd 13 særleg viktige klimatiltak tiltak i samandraget (sjå side 29 i samandragsrapporten). Vi vil særleg framheve:

  • Satsing på maritim sektor og vidareutvikling av energi- og utleppsvenlege fartøy innan både ferje, hurtigbåt, fritidsbåt, suppley og lastefartøy som eit særleg viktig område for Noreg å stimulere til.
  • Vidare må redusert forbruk, god ressursøkonomi inkludert berekraftig arealbruk vektleggjast sterkt.
  • Kommune, stat og offentleg eigde selskap må gå føre i eige bygging og drift inkludert innkjøpssamanheng for å stimulere til teknologiutvikling og sirkulasjonsøkonomi.

Landbruk

Jordbruk
Logisk nok har me gitt jordbruk ein del merksemd i vår uttale. I matfylket Rogaland er det særleg viktig å legge vekt på tiltak som vidareutviklar eit berekraftig landbruk utan å svekke sjølvforsyningsgraden. Klimakuren må ta høgde for ein langsiktig god arealbruk. Ved så store kutt i produksjon av raudt kjøtt er det fleire ledd som påverkast, som beite, kulturlandskap og biomangfald. Ein reduksjon i tal beitedyr vil første og fremst ramme distrikta. Heilskaplege løysingar og endring i takt med næringa er viktig for å lykkast.

Skogbruk
Skogbruk har ei viktig rolle i klimasamanheng, og det er stort potensiale i auka karbonbinding i skogen langs kysten. Det er her viktig å legga til rette for norsk vidareforedling og sikker avsetning av produkta i ein norsk marknad. Der kan det offentlege gå føre i mykje større grad ved å prioritere bruk av tre i bygg og oppvarming med bioenergi.

Ikkje gløym økologisk berekraftig klimaomstilling

Forholdet mellom ivaretaking av urørt og semi-påverka natur, som er kloden sin buffer og reperasjonsevne for klimaendringar, må vektast høgt. Noreg har mykje natur og me kan i vår tilnærming synast noko heimeblinde og utskjemde ovafor dei naturlege økosystema sine tenester for folk og samfunn. Ikkje-fornybare naturressursar må forvaltast i eit langt perspektiv og slik at samfunnet ikkje vert for avhengig av dei. Og utvinning må ikkje skape nye problem, slik som klimagassar og miljøgifter.

 

Kort om Klimakur 2030

Miljødirektoratet har hatt koordineringsansvaret, og har samarbeida med Statistisk sentralbyrå, Enova, Vegdirektoratet, Kystverket, Landbruksdirektoratet og Norges vassdrag- og energidirektorat om å levera ein rapport for å utgreia 50 prosent kutt i norske ikkje-kvotepliktige utslepp. Andre aktuelle etatar er også involverte på sine område.

Oppdraget omfattar utslepp frå transport, jordbruk, avfall, oppvarming og fluorholdige utslepp frå produkt, samt nokon utsleppskjelder frå industri og petroleum som ikkje er dekka av kvotehandelssystemet i EU. Desse utsleppskjeldene omfattar omtrent halvparten av samla utslepp.

Verkemidlar for skog og arealbruk er også med i utredninga. Dette er ein viktig sektor for utslepp og opptak av klimagassar, kor Noreg vil få forpliktingar/ansvar i avtalen med EU.