Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Ny skogrådgivar på plass hjå Fylkesmannen

Birgit Sundbø Hagalid
Birgit Sundbø Hagalid Foto: Nono Dimby / Fylkesmannen i Rogaland.

Etter nesten 1 års vakanse på skogområdet er ny medarbeidar endeleg på plass. Birgit Sundbø Hagalid er tilsett som ny skogrådgivar i 100 prosent stilling på landbruksavdelinga frå 3. februar.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 19.02.2020

Birgit er utdanna ved NMBU og har bachelorgrad i plantevitenskap og skogfag, og mastergrad i skogfag frå 2017.  Ho kjem frå Stiftelsen Det norske Skogfrøverk som skogplanteforedlar med ansvar for foredlingsprogrammet på gran i sør-Noreg.

Sentrale arbeidsoppgåver på landbruksavdelinga vil vere vidareutvikling av skogressursane i fylket gjennom investeringar i ny kvalitetsskog og godt stell/skjøtsel. I tillegg vil utnytting av skogressursane med tanke på størst mogleg verdiskaping og klimanytte stå sentralt – bruk av tre i bygg og bioenergi til oppvarming.

Kontaktpersonar