24 godkjende Inn på tunet-gardar i Rogaland

Firbeint terapi.
Firbeint terapi.

Talet på godkjende Inn på tunet-gardar i Noreg har no passert 400. Dette er ein viktig merkedag i arbeidet. Stadig fleire ønsker å komme inn under ordninga. I Rogaland finn du 24 stykk.

Inn på tunet er eit nasjonalt satsingsområde, og er retta mot eit breitt spekter av sektorar og tenesteområde.

Matmerk forvaltar godkjenningsordninga

Ei viktig nyvinning dei seinare åra er at vi har fått på plass eit kvalitetssystem og ei godkjenningsordning for Inn på tunet. Stiftinga Matmerk forvaltar godkjenningsordninga, og har også ansvaret for å drifte ein nasjonal informasjonsnettstad.

Inn på tunet i Rogaland og Noreg

24 Inn på tunet garder ligg i Rogaland, ytterlegare 8 gardar har søkt om slik godkjenning og er i prosessen med å bli godkjend. I Trøndelag har dei 67 godkjende gardar og i Akershus kjem inn på ein god andreplass. Meir informasjon og fylkesfordelinga av IPT-gardar finn du i regjeringa si artikkel om ordninga.

I Rogaland har vi ein tilbydarorganisasjon som kallar seg for «Inn på tunet – Rogaland» . På nettstaden deira er det oversikt over dei aktuelle Inn på tunet gardane i fylket vårt, og kva dei kan tilby. Døme på ulike tilbod er gardsbarnehage, skule- fritidsordning på gard, tilrettelagt undervisning, aktivitets- og arbeidstrening for ulike brukargrupper. Dagtilbod til heimebuande demente er t.d. eit veksande segment i fleire fylke. Nokre av gardane kombinerer også Inn på tunet med tilbod innan gardsturisme.

Inn på tunet – Rogaland har nyleg hatt årsmøte. Ynskje Kaldheim blei valt til ny styreleiar etter Gine Sægrov. Ho og mannen Egil driv Snurrevarden gard i Håvik, Karmøy kommune.

Fylkesmannen og Inn på tunet-ordninga

I denne artikkelen på heimesia til Fylkesmannen i Rogland finn du meir informasjon om kontaktpersonar og Fylkesmannen i Rogaland sitt arbeid med Inn på tunet.

Fakta om Inn på tunet

Den offisielle definisjonen er: «Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.»

 

Kontaktpersonar