Tid for å så pollinatorsoner

Vi håper flest mogleg vil legge til rette for humler og andre pollinerande insekt i sommar. Landbruksføretak kan få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte gode etablerte areal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2020

Våre insektvener er som oss avhengige av variasjon i matfatet. Det er mange år sidan moderne driftsformar tok over tradisjonell slått med ljå og tørking av gras til høy. Det tidlegare slåttelandskapet var rikt på blomsterplantar og insekt. Med miljøtilskotet håper vi flest mogleg bønder ser syn på å sette av eit lite areal til pollinatorane. Vi trur slike "lommer" kan vere viktige bidrag for større mangfald. Bøndene kan få inntil 5000 kr for arbeidet. Det er i den store samanhengen lite pengar, og er meint som ei påskjønning for viktig innsats.  

Tilskotet blir gitt per meter sone, og breidda på sona må vere minst to meter. Dei areala som er best eigna er relativt tørre område på relativt næringsfattig jord med god kalktilstand.

Skjøtselsråd

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei viktigaste blomane har avblomstra, normalt i  august. Er sonene tresatt må det nyttast ljå, ryddesag og liknande. På våren veks graset raskare enn blomsterplantane. Etablerte soner kan difor ha godt av at graset blir slått og fjerna tidleg på våren slik at blomsterplantane får betre plass. 
  • La plantematerialet ligge i 2 – 4 dagar etter slåtten i august/seinsommar, men fjern det frå arealet etterpå.
  • La gjerne området bli beita om hausten.
  • Framande artar må fjernast.
  • Dersom det blir brukt frøblandingar, må dei ikkje innehalde framande artar med stor spreiingsfare.

Generelt er det viktig å ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl. Særleg på våren er desse treslaga viktige for insekta.

Skjøtsel av etablerte soner

Tilskotet blir gitt til både sådde soner og til skjøtsel av etablerte areal som er rik på blomsterplantar. Her ser vi Peder Bergøy som i mange år har stelt eit lite areal slik at det er usedvanleg artsrikt. Det øvste bilete er frå same område.

Sådde soner

Det er frøblandingar å få kjøpt som eignar seg til pollinatorsoner. Enn så lenge er det ikkje norske frøblandingar å få tak i for Rogaland. Når vi sår utanlandske frøblandingar må vi passe på at dei ikkje inneheld frammande arter som kan spre seg inn i naturen – slik som til dømes lupin. 

I fjor sådde Lars Braut på Klepp ei stripe sone med pollinatorblanding. Såinga var vellukka og blomsterplantane etablerte seg godt. Bilete er tatt så seint på sommaren at det meste var avblomstra.  

Ikkje sprøyt kantsonenene

Like viktig som å så i frøblandingar er det å ikkje sprøyte kantsonene langs innmark. Slike kantsoner er viktige for insekta. Sprøyting av kantsoner langs innmark er dessutan ikkje tillatt etter forskrift om plantevernmiddel. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen for regionalt miljøtilskot er 15. oktober. Søkjarane må merke av på kart kvar dei har sona. Dei kan anten søkje digitalt via Altinn, eller levere papirsøknad til landbrukskontoret i sin kommune. Sidan tilskotet til pollinerande insekt er nytt frå 2019, så ønskjer vi å få oversikt over kven som vil søkje. Vi anbefaler difor alle om å melde i frå til sin kommune. 

Regionalt miljøprogram, RMP

Regionale miljøprogram gir oversikt over kva tilskotsordningar bøndene kan søke på i sitt fylke. I 2019 blei det innført tilskot til skjøtsel av soner for pollinerande insekt. 

Tilskot til trua naturtypar og artar

Medan regionalt miljøtilskot er øyremerka bønder som driv aktivt jordbruk, så kan grunneigarar, privatpersoner, organisasjonar m.fl. søkje Miljødirektoratet om tilskot til skjøtsel av trua naturtypar og artar. Her er etablering av leveområde for ville pollinerande insekt eit av mange tiltak som kan få støtte. Meir informasjon finn du på heimesida til Miljødirektoratet

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.