25 års samarbeid om gjerdeklyvarar

Er du på fottur i inn- eller utmark på Haugalandet, i Ryfylke, på Jæren eller i Dalane, vil du fort råke på minst ein godt plassert gjerdeklyvar. I løpet av 25 år har det offentlege støtta utplasseringa av minst 6.000 gjerdeklyvarar i kulturlandskapet i Rogaland. I friluftslivets år tar Fylkesmannen eit tilbakeblikk på satsinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2015

Større behov for nære turopplevingar

Behovet for gode naturopplevingar innan høveleg avstand frå bustadsområde har auka i takt med stigande folktetal i Rogaland. Allemannsretten gir alle rett til å ferdast og opphalde seg i utmarka. Men vegen til utmarka går ofte via ei inngjerda innmark. Mang ein bonde har difor vøla øydelagde gjerde etter turgåarar. Beitedyr på vidvanke grunna opne grinder var, og er, heller ikkje uvanleg. På slutten av 1980-talet var det mange bønder som ikkje såg med blide auge på den aukande trafikken av turgåarar på eigedomane deira.

Offentleg initiativ for tilrettelegging

Det offentlege såg at med god tilrettelegging kunne landbrukseigedomar imøtekoma noko av friluftsbehovet til samfunnet. Tidlegare ass. landbruksdirektør hjå Fylkesmannen, Joar Oltedal, gjekk i 1990 inn for å starte produksjon av gjerdeklyvarar med offentlege midlar øyremerka til «Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap» (STILK). Kollega Bjarne Trond Egeland tok utfordringa. Frå 1990 til 1995 snekra han for eigen hand 720 gjerdeklyvarar. Bøndene innsåg snart at gjerdeklyvarar var eit betre alternativ enn øydelagde gjerde, og etterspurnaden etter gjerdeklyvarar tok fart.

I 1993 inngjekk Fylkesmannen avtale med Frøyland Sag i Skjold i Vindafjord om produksjon av gjerdeklyvarar i Nord-Rogaland. Eit liknande samarbeid blei i 1999 oppretta med Jæren Industripartner si vekstbedrift på Nærbø. Desse avtalane har dei seinare åra blitt vidareførte av vekstbedriftene Sandnes Pro-Service i Sør, og Vindafjord aktivitetshus i Nord-Rogaland.

Mange kommunar tok aktivt tak i utfordringa med å kombinera friluftsliv med landbruksdrift. Med kommunale midlar og STILK-midlar, blei det lagt til rette med avtalar om parkering, skilting og gjerdeklyvarar. STILK-midlane blei erstatta av SMIL (Spesielle miljøtiltak i landbruket) i 2004. Det blei opna for at kommunane kunne støtte arbeidet med å planleggje og leggje til rette for nettverk av turstiar på tvers av landbrukseigedomar. Frå 2004 kunne bøndene få tilskot til vedlikehald av turstiar ved jordbruksareal gjennom Regionalt miljøprogram i Rogaland. Dette motiverte endå fleire bønder til å søkja SMIL-midlar for å etablera turstiar, og etterspurnaden etter gjerdeklyvarar auka tilsvarande. Søknader om gjerdeklyvarar blir sende kommunen. Landbruksforvaltninga i kommunane gir si vurdering, og sender søknaden vidare til Fylkesmannen for endeleg behandling.

6.000 gjerdeklyvarar

I 2014 blei det i Rogaland, gitt RMP-tilskot til totalt 732 km med kartfesta turstiar på innmark. I tillegg kjem turstiar i utmark. Gjennom 25 år har om lag 6.000 gjerdeklyvarar blitt strategisk utplassert over heile fylket. Desse har bidrege til at bøndene kan styre ferdsla av turgåarar slik at den daglege drifta og beitedyra blir råka minst mogleg. Bøndene har i samarbeid med kommunane opna for at turgåarar har eit breitt og variert friluftstilbod i heile fylket. I mange kommunar gjer frivillige ein flott innsats for å merke og vedlikehalde turstiar.

Over ein gjerdeklyvar

Eit symbol for Fylkesmannen

Gjerdeklyvarane er symbol på 25 år med eit godt og rett samarbeid mellom bønder og det offentlege for å sikre allemannsretten. Friluftsliv er eit viktig samfunnsgode som bidreg til god helse og trivsel. Avtalane om produksjon av gjerdeklyvarar er med på å gje trygge arbeidsplassar for personar som treng ein tilrettelagt arbeidsplass. Det er difor ikkje utan grunn at Fylkesmannen i Rogaland har gjerdeklyvaren som eit symbol på sine hovudoppgåver:

  • å vere eit bindeledd mellom stat, kommune og innbyggarar.
  • å vere den utøvande myndigheit, sikre rettstryggleik, vere kontrollinstans.
  • medverke til fornying og utvikling i fylket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.