Meld deg på årets landbrukskonferanse i Rogaland

Nå er endeleg program for landbrukskonferansen 18. mars 2019 på plass, og vi har fått avtale med spanande innleiarar. Konferansen er aktuell for alle som er opptekne av framtida for landbruket. Meld deg på nå så er du sikra plass.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.01.2019

Landbrukskonferansen er nå å vurdere som ein fast tradisjon, og det blir stadig fleire som er med som arrangørar. I 2018 var det 200 deltakarar. Nå er også Agrovisjon og Rogaland landbruksselskap med på arrangørlista.

Klaus Mohn vil snakke om verdien av jorda

Av programmet kan du sjå at det er fleire aktuelle tema vi skal innom denne dagen. Professor Klaus Mohn, snart ny rektor på UIS, skal gi oss eit innsyn i kva matjorda har av verdi i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Dette vil truleg utfordre fleire i salen knyta til korleis vi tenkjer verdsetting av jord, og med dette gi matproduksjonen ein ny dimensjon.

Meld deg på nå

Nå er det tid for påmelding. Program og informasjon om påmelding ligg på vår nettside. Vi har ei særleg målsetting om god oppslutnad frå kommunale politikarar, men også at bønder er godt representert.

 

Velkomen!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.