Sola kommune blir rigga for framtida

Det er gjort eit solid kommuneplanarbeid i Sola. Kommunen har lagt fram gode arealforslag som i stor grad held seg til nasjonale og regionale føringar, som nullvekstmålet og Regionalplan for Jæren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2018

Berebjelkane i planen er samspel, folkehelse, berekraftig samfunnsutvikling, solid økonomi og innovasjon. Kommunen har satt seg fire strategiske mål som skal vere førande for val og arbeid i organisasjonen. Føringane er noko generelle, men er eit godt utganspunkt for det vidare arbeidet til dei ulike felta i kommunen.

Hushaldering av areal

Sola kommune har relativt store arealreservar til bustad. Eit stort område på Skadberg er lagt inn i kommuneplanen, men området skal ikkje byggast til før det er etablert høgverdig kollektivtilbod. Ved justering av kommunegrensa mellom Sandnes og Sola blei utbyggingsområde Bærheim overført til Sola. Fylkesmannen rår til at Bærheim får dei same føringane som Skadberg-området. Hushaldering av areal er viktig for å avgrense behovet for utbygging av nye område, og vil medverke til effektiv arealbruk. Dette gjeld òg for utvidinga av næringsarealet ved Risavika, der det ikkje er dokumentert potensiale innanfor regulerte område.

Motsegner til arealforslaga

Nokre av arealforslaga er i konflikt med våre interesseområde:

  • Bustadareal på Joa
  • Massefylling på Ølberg og Håland
  • Utviding av Risavika næringsområde
  • Småbåthamn søraust for Hestholmen ved Risavika

Me har og motsegn til utvidinga av småbåthamna ved Melingsholmen Myklebust på grunn av mangelfull ROS-analyse.

Vidare dialog

Me ser fram til vidare dialog, med felles mål om endeleg vedteken kommuneplan i kommunestyret. Sola er ein sentral kommune for vidare utvikling i regionen.

Les heile uttalen frå Fylkesmannen her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.