Rogaland omdisponerer framleis mykje dyrka jord

Mykje dyrka jord i Rogaland blir omdisponert til andre føremål enn landbruk
Mykje dyrka jord i Rogaland blir omdisponert til andre føremål enn landbruk

Rogaland omdisponerte 1 353 dekar dyrka jord i 2015. Det går fram av dei førebelse tala frå Kommune-Stat-Rapporteringa (KOSTRA) som blei offentleggjorte denne veka.

Snittet for perioden 2005 - 2014 har i vore ei årleg omdisponering av 1 200 daa dyrka jord til andre føremål enn landbruk.  Tala for 2015 viser at den store omdisponeringa av dyrka jord i matfylket Rogaland held fram.

Rogaland si nedbygging av dyrka jord utgjer 1/3 av det nye nasjonale jordvernmålet om ikkje å bygge ned meir en maksinalt 4 000 dekar dyrka jord årleg. Dette synleggjer behovet for ei vurdering av eit talfesta regionalt jordvernmål for Rogaland. Berre eit fylke har like stort omfang av omdisponering som Rogaland i 2015. Dette er Sør-Trøndelag med 1 396 dekar dyrka jord.

Også omdisponering av dyrkbar jord i Rogaland var rekordhøgt i 2015 - totalt 2 424 dekar. 2 000 dekar av dette er dyrkbar jord berørt av eit godkjend vindparkanlegg i Bjerkreim kommune, eit anlegg som totalt vil bli 15 529 dekar stort. Tala synleggjer at vindkraft er ein arealkrevjande kraftproduksjon med vesentlege konsekvensar for mange arealbruksinteresser.

I fylket er det Randaberg (255 dekar), Sandnes (209 dekar) og Rennesøy (164 dekar) som har omdisponert mest dyrka jord. Randaberg og Rennesøy er kommunar som i andre år ikkje har figurert så «høgt» på lista.

Omdisponering av dyrka jord for heile landet er i følgje førebelse KOSTRA-tal 6 264 dekar, litt høgare enn talet for 2014 som var 5 710 dekar.