Sluttmarkering av mjølkeprosjektet på Finnøy på live-podcast

Nysgjerrige kalver på beite
Nysgjerrige kalver på beite (Foto: Morten Ingvaldsen / Fylkesmannen i Oslo og Akershus)

Det blir live-sending frå bondepub på Finnøy fredag 19. oktober kl 19 på Landahuset, som ei sluttmarkering av mjølkeprosjektet Finnøy Framtid Mjølk. Det blir spanande å høyre om prosjektet har resultert i konkrete satsingar. Alle er velkomne til å delta.

Stortingsrepresentant Olaug Bollestad og prosjektansvarleg Ruben Eggebø vil delta live, og tema er framtida for små og mellomstore mjølkebruk.

Mjølkefjøs med 15-30 kyr har klar prioritet

Utgangspunktet for prosjektsatsinga er føringane frå jordbruksoppgjeret om at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet. Finnøy har mange slike mjølkebruk. Innovasjon Norge har motteke fleire søknader frå denne målgruppa, og vi har fått signal om at fleire har planar om å søkje. Vi håpar at prosjekt frå Finnøy er blant desse, og at det kan motivere fleire.

Mjølk avgjerande for verdiskapinga

Mjølkesektoren står for den klart største delen av verdiskapinga i landbruket. Det er difor viktig å oppretthalde produksjonsvolumet i alle delar av fylket. Vi har allereie sett at satsinga på mellomstore mjølkebruk har gitt positiv effekt i andre delar av fylket.

Meir informasjon om Finnøy-prosjektet og bondepuben finn du på Finnøy kommune si nettside. Her finn du også lysark frå eit mobiliseringsmøte i juni.