Biogass frå husdyrgjødsel – frå mål til handling!

Gjødselspreiing på fulldyrka jord.
Gjødselspreiing på fulldyrka jord. Foto: Geir Skadberg.

Korleis skal vi kome vidare mot målet om 30 prosent av husdyrgjødsla gjennom biogassanlegg? I ein fersk rapport har representantar frå Landbruksdirektoratet, Norges Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag, ENOVA, Innovasjon Norge og Miljødirektoratet gitt sine tilrådingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2020

Arbeidsgruppa blei peika ut i samband med jordbruksoppgjeret i 2019. Rogaland har vore representert med Olav Røysland frå Jæren Biogass, Leif Ydstebø frå IVAR og Kristian Spanne frå Innovasjon Ryfylke AS. Hovudføremålet med arbeidet har vore å sjå på eksisterande og nye verkemiddel for auka biogassproduksjon frå husdyrgjødsel, og å kome med forslag til konkrete løysingar.

Aktuelle tiltak

Arbeidsgruppa rår til følgjande:

  • Klimanytte som eitt av kriteria ved investeringstilskot frå Enova
  • Auka maksimal sats for investeringsstøtte frå Innovasjon Norge (IN) til 50 %
  • Tilskot til bioøkonomisprosjekt (IN)
  • Betre innretning av tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg
  • Biogass og biorest eit prioritert område innan tilskotsordningar knyta til kunnskap og informasjon

Dette er i realiteten ei vidareutvikling av dei ordningar vi har i dag. Rapporten inneheld elles framlegg om nokre nye verkemiddel knyta til krav til lagring og bruk av biorest, og knyta til kompetansebygging.

Mest aktuelt i Rogaland

Rogaland har unike føresetnader for å produsere biogass av husdyrgjødsel. Store mengder husdyrgjødsel, korte avstandar og eksisterande infrastruktur for gass er nokre av fordelane i Rogaland. Her vil ikkje transportavstandar vere like avgjerande som i andre område. Det kom fram i rapporten frå forprosjektet: «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren» frå NORCE AS i desember 2019.

Både på Jæren og Finnøy bør det ligge til rette for å etablere biogassanlegg i nær framtid, og då helst i samarbeid med veksthusnæringa for å erstatte fossil energi til oppvarming.

Separering av husdyrgjødsel mest aktuelt

Av rapporten går det fram at det i husdyrtette område er mest aktuelt å separere husdyrgjødsla og etablere eit større felles biogassanlegg. Det kan gi reduserte kostnadar til bønder som i dag må frakte bort ein del gjødsel grunna manglande spreieareal for husdyrgjødsel. Det same var konklusjonen i rapporten frå NORCE AS. Utfordringa blir å i størst mogleg grad løyse utfordringa med overskot av fosfor i husdyrtette område, og å finne ei praktisk og lønsam avsetning av biorest.

Klar for realisering i 2021?

Dette arbeidet, og vidare oppfølging m.a. gjennom jordbruksoppgjeret, bør føre fram til realisering av biogassanlegg. Målet må vere at det blir eit ferdig planlagt felles biogassanlegg klar for realisering i Rogaland i løpet av 2021.

Rapporten frå arbeidsgruppa finn du vedlagt

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.