Trygg i eige uttrykk - jenter, gutar og alle andre

Dato:
24. oktober 09:00 - 15:00
Stad:
Scandic Stavanger City, Reidar Bergesgt. 7, 4013 Stavanger
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Alle som arbeider i barnehage eller med barn andre stader
Påmeldingsfrist:
22.10.2018 23:00:00
Trivsel for alle barn
Trivsel for alle barn

Fylkesmannen i Rogaland inviterer til kurs den 24. oktober 2018 om kjønnsroller, kjønnsidentitet, seksuelle orienteringar og likestilling. Kurset er for alle som arbeider med barn i barnehagen eller med barn andre stader. Kurset er på Scandic Stavanger City

Kurset handlar om å skape eit meir inkluderande læringsmiljø med respekt for ulikskap, noko som kan bidra til å fremje trivsel og førebyggje mobbing. Homofile og transpersonar er meir utsette for mobbing enn andre barn og unge.

Tema på kurset er:

  • Kjønn, mangfald og normer

Kva er kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk? I ei verd av lyseblå eller rosa, kva moglegheiter gir vi våre barn? Kva skjer med barna som opplever at dei «må passe inn» eller «ikkje passer inn»?

  • Ulike familieformer

Heteronormen – kva er det? Ken og Barbie =  sant og Ken og Batman = sant

  • Kropp, sjølvkjensle og helse

Førebygging av overgrep

  • Lovverk

 

  • Kva kan barnehagen gjere for å gi rom for ulikskap?

Kunnskap om metodar for refleksjon og døme frå barnehagen

Kurshaldarar

Nina Johannesen, Likestillingssenteret, www.likestillingssenteret.no, nina@lss.no     
Nina har arbeidd som lærar og skoleleiar, men har sidan 2009 arbeidd med kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og likestilling. Ho har samarbeidd med Kanvas barnehagar og Dronning Maud Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning om kurs og har skrive kapitlar i læreboka Likestilling og likeverd i barnehagen.

Marion Arntzen, Stensveen ressurssenter www.stensveen.no
Marion har sidan 1996 arbeidd med kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og halde førelesingar for skolar, barnehagar, barnevern, psykiatri og andre. Ho har saman med Kari Kahrs skrive tre bøker om tematikken. Likestillingssenteret utgav i 2013 levekårsundersøkingar om kjønnsidentitet Alskens folk, der Marion bidrog.

Praktiske opplysningar

Stad   Scandic Stavanger City, Reidar Bergesgt. 7, 4013 Stavanger

Tid    Onsdag 24 oktober 2018  Kl  09:00 til 15:00

Pris   Kurset er gratis, maks 160 stk.

Påmelding: Bindande påmelding på skjema nedanfor innan 22.oktober 

Påmeldingsliste

EtternavnFornavnArbeidsstad
Knudsen Marianne Tjelta barnehage
BerntsenVibekeTjelta barnehage
MesfinSefanyRosktoppen
PedersenCathrine Rosktoppen
SelleEli KarinSundelia barnehage
Støle SteinarAndelslaget Raketten barnehage SA
StusvikCamilla JenssenSande bhg, Randaberg kommune
ObrestadSofieRosktoppen
AamodtNina EikesteinKiellandskogen FUS bhg AS
LillelandAnnetteEkofisk Junior
Sivertsen AnnetteEkofisk Junior
WilsonToneEkofisk Junior
LervoldMarielleEkofisk Junior
AbrahamsenAnneFagstab barnehage, Stavanger kommune
LangholmKariSlåtthaug barnehage
SkjefråsMariSkjeraberge
BakkSiw TorillTripp Trapp åpen barnehage
SkailandTorill AnitaHelleland Fus barnehage
SøylandKristianHelleland Fus barnehage
VerslandLillySkjeraberget barnehage
JacobsenHeidiKiellandskogen FUS bhg
AusterheimAstridFlassabekken barnehage
SvendalGroFlassabekken barnehage
JohnsenKjerstiFlassabekken barnehage
FritzlJoseffrilanser misbruk
BjørkhaugElisabethSuldal kommune
LaunayAurelieThe Children`s House
GrovAnne BeritMyrå bhg
RanvertMeretheMyrå bhg
Dato:
24. oktober 09:00 - 15:00
Stad:
Scandic Stavanger City, Reidar Bergesgt. 7, 4013 Stavanger
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Alle som arbeider i barnehage eller med barn andre stader
Påmeldingsfrist:
22.10.2018 23:00:00

Kontaktpersonar