Opplæring i DSB-CIM for kommunane i Rogaland

Dato:
9. januar 09:30 - 10. januar 16:00
Stad:
Statens Hus, Lagårdsveien 44, Stavanger
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Roglaand
Målgruppe:
medlem av kommunal kriseleiing, støttefunksjonar til kriseleiing, m.fl. Lokal/kommande administrator i kommunen, og CIM-brukarar som ønskjer større kunnskap om verktøyet.
Påmeldingsfrist:
21.12.2018 15:00:00

Fylkesmannen arrangerer grunnopplæring og administratoropplæring i DSB-CIM for kommunane i Rogaland 09. og 10. januar 2019

Kursa blir vanlegvis gjennomført over fleire dagar ved DSB sitt kurssenter
NUSB i Heggedal/Asker, men blir her komprimert til enkeltståande dagskurs.

Instruktøren er Johan Stenshorne frå DSB/NUSB

Vi gjer merksam på at det i utgangspunktet er plass til 26 deltakarar per kurs. Dersom det blir fleire påmeldingar enn tilgjengelege kursplassar, tek vi atterhald om at det kan bli aktuelt å fordele plassane slik at flest mogleg kommunar får delta. Dette vil i så fall bli gjort i tett dialog med kommunane.

Onsdag 9.januar kl. 09.30 - 16. 30: DSB-CIM Grunnopplæring

  • Målgruppe: medlem av kommunal kriseleiing, støttefunksjonar til kriseleiing, m.fl. Aktuelt både for nye og litt meir erfarne brukarar, fint som oppfrisking.
  • Innhald: praktisk opplæring og øvingar for bruk av DSB-CIM i krisestab - t.d. loggføring, varsling, ressursoversikt, tiltak, oppgåvefordeling, meldingar, rapportering.
  • Krav til forkunnskap: Ingen.
  • Utstyr: deltakarane må ha med eigen datamaskin

Torsdag 10.januar kl. 09.00 – 16.00 : DSB-CIM Administrator

  • Målgruppe: lokal/kommande administrator i kommunen, og CIM-brukarar som ønskjer større kunnskap om verktøyet.
  • Innhald: korleis administrere og tilpasse DSB-CIM i kommunen t.d. admin-rolla, brukarhandtering, systeminnstillingar, meny- og rolleadministrasjon, lage tiltakskort og informasjonstavler.
  • Krav til forkunnskap: god brukarerfaring med CIM, ein stor fordel å ha gjennomført DSB-CIM Grunnkurs.
  • Utstyr: deltakarane må ha med eigen datamaskin.

Kursavgift: kr 300 per dag. Fylkesmannen sender faktura til deltakarane i etterkant.

CIM-Kurs for kommunane

Ønskjer å delta på
Legg til i eigen kalender
Dato:
9. januar 09:30 - 10. januar 16:00
Stad:
Statens Hus, Lagårdsveien 44, Stavanger
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Roglaand
Målgruppe:
medlem av kommunal kriseleiing, støttefunksjonar til kriseleiing, m.fl. Lokal/kommande administrator i kommunen, og CIM-brukarar som ønskjer større kunnskap om verktøyet.
Påmeldingsfrist:
21.12.2018 15:00:00

Kontaktpersonar