Fagsamling for landbruksforvaltninga 22.-23. mai 2019

Dato:
22. mai 2019 09:00 - 23. mai 2019 18:00
Stad:
Haugalandet
Ansvarleg:
Fylkesmannen, landbruksavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i kommunal landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
12.04.2019 23:00:00

Fylkesmannen inviterer tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane til to-dagars fagsamling på Haugalandet. Første dag skal vi ta opp sentrale forvaltningstema innan både jord- og skogbruk. Andre dag blir det gardsbesøk med spennande og relevante ting å sjå.

Første dag er på Scandic hotell Maritim i Haugesund, med faginnlegg og diskusjonar. Vi startar dagen med enkel servering frå kl. 09.00. Sjølve programmet startar kl. 10.00.

Tema blir mellom anna korleis vi kan bruke forvaltningslova og offentlegheitslova i samband med tilskotssaker, kommunen som rettleiar i samband med næringsutvikling, risikobasert kontroll i tilskotssaker og utnytting av gardens skog- og jordressursar.

På kvelden blir det festmiddag. Endeleg program blir lagt ut i midten av mars.

Vel mellom to ulike fagturar

Det er to ulike turforslag for andre dag. Ved påmelding må du skrive kva tur du ønskjer å bli med på. For å sikre god fordeling av deltakarar på begge turane, kan vi ikkje garantere at du får bli med på den turen du helst ønskjer. Begge turane startar og sluttar i Haugesund.

Tur 1 går til Tysvær og Vindafjord

Turen startar med buss frå hotellet kl. 08.30. Tema for turen vil vere innanfor næringsutvikling utifrå eigen gard; berekraft på små bruk, inn på tunet, flisfyring, skogsdrift, matservering med meir. Turen går til gardar med ulike typar husdyrhald, og der ein mellom anna ser på ulik storleik av driftsbygningar, grunnar for val som er gjort og om sjølve byggjeprosessen. Det blir òg noko om landskapspleie. Det blir servert varm lunsj på Nesheimtunet (http://www.nesheimstunet.no/ ). Under lunsjen får vi informasjon om drifta og ombygging av eldre driftsbygning til serveringsstad.

Tur 2 går til Utsira, Karmøy og Haugesund

Denne turen startar kl. 07.30 frå hotellet med ein spasertur til Utsirabåten som går kl. 08.00. Båten tar ca. 70 minutt kvar veg. Det blir mykje gåing på denne turen. Tema vil i hovudsak vere næringsutvikling frå eigen gard og lokalmatsatsing i Noregs minste kommune. Planlegging av kyststi med beite rundt, kystlynghei, problemstilling rundt framande arter, problemstillingar rundt samferdselsprosjekt og nedbygging av jordbruksjord på Karmøy. Det blir servert varm lunsj på Dalanaustet på Utsira. Når vi kjem tilbake til Haugesund, vil ein buss plukke oss opp og køyre oss på ein guida tur rundt i området ved Karmøy og Haugesund.

Busstransport Stavanger – Haugesund

Det blir mogleg med felles busstransport mellom Stavanger og Haugesund til og frå samlinga. Kryss av for dette alternativet om du ønskjer det. Bussen går frå Stavanger byterminal (busshaldeplass ved Sushi San) med avreise 22. mai kl. 07.45. Heimreisa frå Tysværtunet i Aksdal ca. kl. 16.10, og vi er fremme ved Stavanger byterminal ca. kl. 17.45. Pris for turen avheng av kor mange som ønskjer dette reisealternativet, men maksimalprisen er sett til kr 260 t/r.

Påmelding

Bruk påmeldingsskjemaet under for å melde deg på samlinga. Etter at påmeldinga er sendt, skal du få ein e-post som stadfestar at du er meldt på. Ta kontakt dersom du ikkje får ein slik e-post. Deltakaravgift vil bli fakturert i etterkant på bakgrunn av påmelding.

Påmeldingsfristen for dei som ønskjer hotellrom er 12. april.

Frist for å melde seg på utan overnatting er 29. april.

Påmeldinga er bindande. Deltakarane må sjølv dekke utgifter som kjem om ein ikkje møter.

NB! Felt merka med * må fyllast ut.

Dato:
22. mai 2019 09:00 - 23. mai 2019 18:00
Stad:
Haugalandet
Ansvarleg:
Fylkesmannen, landbruksavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i kommunal landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
12.04.2019 23:00:00