Ny dato - informasjonsmøte for folkevalde på Nord-Jæren

Dato:
17. september 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde Nord-Jæren (Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy) men og andre folkevalde i Rogaland som ynskjer å delta
Påmeldingsfrist:
24.08.2020 23:59:00

På grunn av utviklinga av koronasjukdomen måtte Fylkesmannen utsetja informasjonsmøte for folkevalde på Nord-Jæren som var planlagt 31. mars. No har vi fastsett ny dato for for dette møte 17. september 2020. 

Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.  

Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.  

Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.  

Praktisk informasjon: 

Det blir servert lunsj. Bruk skjema for påmelding under og hugs å gi beskjed om eventuelle allergiar e.l.

Pris for deltaking er kr 550,-. Påmelding er bindane. Viss det skjer ei utvikling i smittesituasjonen knytt til koronaviruset som gjer at møtet igjen må utsetjast vert dei påmeldte sjølsagt ikkje fakturert. 

Frist for påmelding er 24. august 2020

Dato:
17. september 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde Nord-Jæren (Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy) men og andre folkevalde i Rogaland som ynskjer å delta
Påmeldingsfrist:
24.08.2020 23:59:00

Kontaktpersonar

Dokument