Seminar om planstrategi 29. januar

Dato:
29. januar 2020 09:00 - 13:00
Stad:
Hotell Atlantic, Stavanger sentrum
Ansvarleg:
Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Dei i kommunen sin administrasjon som er tettast på arbeidet med planstrategien, det er planlagt for to frå kvar kommune.
Påmeldingsfrist:
24.01.2020 23:59:00
Bilete er frå plan- og byggesakskonferansen i fjor haust i Atlantic hall.
Bilete er frå plan- og byggesakskonferansen i fjor haust i Atlantic hall. (Foto: Ine Woldstad)

Ein halv dag med fagleg påfyll, inspirasjon og mingling på hotell Atlantic om arbeidet med planstrategiane i kommunane. 

Fagleg påfyll og inspirasjon

Kommunane er allereie godt i gang med arbeidet med planstrategiane. Same kor kommunen er i prosessen anbefaler vi at kommunane prioriterer denne samlinga. Vår målsetting er at seminaret skal gi fagleg påfyll, inspirasjon og anledning til å høyre og prate om korleis andre kommunar organiserer arbeidet. Det er derfor satt av god tid til både spørsmål og pausar.

Programmet

  • Fylkesmann Lone Merethe Solheim ønsker velkommen.
  • Herdis Sigurgrimsdottir, prosjektleiar for regional planstrategi i Fylkeskommunen, oppdaterer dykk om status.
  • Vigleik Winje er gruppeleiar for plan-, by- og stadsutvikling hjå Norconsult i Haugesund. Han skal fortelja om det spennande medverknads- og planstrategiarbeidet i Haugesund kommune, hans tidlegare arbeidsplass.
  • Eli Sirnes Willumsen, prosjektleiar for planstrategi og samfunnsdel Stavanger, skal fortelja korleis dei jobber for å få ei ønska samfunnsutvikling. 
  • Haldis Kristine Nilsen, plan- og forvaltningssjef i Hjelmeland, skal fortelje om deira arbeid og status i sin kommune.

Stad: Hotell Atlantic i Stavanger sentrum
Tid:
Kl.09:00-13:00
Lunsj: Kl.12:00-13:00
Målgruppe: Dei i kommunen sin administrasjon som er tettast på arbeidet med planstrategien, det er planlagt for to frå kvar kommune.
Frist for påmelding: Fredag 24.januar
Arrangør: Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland

Samlinga er gratis.

Meld deg på her:

Påmelding halvdagsseminar planstrategi

Dato:
29. januar 2020 09:00 - 13:00
Stad:
Hotell Atlantic, Stavanger sentrum
Ansvarleg:
Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Dei i kommunen sin administrasjon som er tettast på arbeidet med planstrategien, det er planlagt for to frå kvar kommune.
Påmeldingsfrist:
24.01.2020 23:59:00