Informasjonsmøte for folkevalde i Dalane-regionen

Dato:
21. januar 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Grand hotell, Egersund
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde i Dalane-regionen (Lund, Sokndal, Eigersund og Bjerkreim)

Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å invitera til tverrfaglege regionale informasjonsmøte våren 2020 for å leggja til rette for tidleg dialog og eit godt samarbeid med kommunane.

Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.  

Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.  

Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.  

Praktisk informasjon:

Det blir servert lunsj. 

Pris for deltaking er kr 550,-. Bruk skjema for å melde deg på og hugs informasjon om allergiar o.l. Påmelding er bindane. 

Frist for påmelding er 20.12.2019

 

 

Dato:
21. januar 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Grand hotell, Egersund
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde i Dalane-regionen (Lund, Sokndal, Eigersund og Bjerkreim)

Kontaktpersonar

Dokument