Utvikling av recoveryorientert praksis. Erfaringssamlingar i Haugesund og Stavanger.

Dato:
9. desember 2019 - 10. desember 2019
Stad:
Stemnestaden leirsted i Haugesund og Scandic Forus hotell i Stavanger
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland, KoRus Vest Stavanger, NAPHA og KS i samarbeid med kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar.
Målgruppe:
Tilsette i kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar som har delteke i læringsnettverk om Recoveryorienterte tenester, samt andre som er interessert i å lære meir om temaet. Påmeldingsfrist: 8. november
Allkopi Forus
Allkopi Forus

Fleire kommunar i Rogaland og Sunnhordaland deltok i 2016 og 2017 i læringsnettverk psykisk helse og rus, med fokus på Recoveryorientert praksis. Arrangørane av læringsnettverket ønskjer igjen å invitere til erfaringssamling.

Denne gongen blir det lagd opp til to ulike dags samlingar. Ein for sør Rogaland og ei samling for Fonna området.  Formålet med samlingane er å støtte opp om arbeidet som blei starta i samband med læringsnettverket , og å skape varige endringar i tenestene med fokus på «Hva er viktig for deg?».

Tema for årets samlingar er Recovery i eit samfunnsperspektiv.  Vi får i år mellom anna besøk av Professor emerita Marit Borg. Marit har i ei årrekkje arbeidt med forsking og utdanning innanfor psykisk helse, der sentrale tema har vært Recovery og lokalbasert psykisk helsearbeid. Samlingane vil gi moglegheit for fagleg påfyll, erfaringsdeling og dialog mellom deltakarane.  Sjå vedlagte program for meir informasjon.

Ein ynskjer at deltakarane har noko kjennskap til Recovery orientert praksis på førehånd. Kurset er gratis, med bindande påmelding. Ikkje meld forfall blir belasta med kr. 600,-. Eventuelle reisekostnader må dekkjast av deltakar. Ved stor interesse vil Fylkesmannen i Rogaland  fordele plassar på ein føremålstenleg måte.

 

PÅMELDING:

For påmelding til samlinga i HAUGESUND  den 9. desember kl. 09.15-15.30, klikk her: https://helse-fonna.no/arrangementer/utvikling-av-recoveryorientert-praksis-erfaringssamling-i-helse-fonna-regionen-2019-12-09

Kontaktperson for samlingen i Haugesund: Bernt Netland, bernt.netland@helse-fonna.no

 

Kurset i Stavanger 10. desember kl. 08.30-15.15 er stengt for påmelding da kurset er fult. Ta kontakt med fmrofho@fylkesmannen.no dersom ønske om å stå på vente liste. 

Dato:
9. desember 2019 - 10. desember 2019
Stad:
Stemnestaden leirsted i Haugesund og Scandic Forus hotell i Stavanger
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland, KoRus Vest Stavanger, NAPHA og KS i samarbeid med kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar.
Målgruppe:
Tilsette i kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar som har delteke i læringsnettverk om Recoveryorienterte tenester, samt andre som er interessert i å lære meir om temaet. Påmeldingsfrist: 8. november