Velkommen til nasjonal oppvekstkonferanse

Dato:
5. juni 2019
Stad:
Atlantic Radisson BLU, Stavanger
Ansvarleg:
Stavanger kommune, Stavanger museum/Norsk barnemuseum, Fylkesmannen i Rogaland og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Målgruppe:
Alle som jobbar med og for barn og unge, politikarar, ungdomsråd og andre

Oppvekstkonferansen set fokus på barn og unge som av ulike grunnar strevar med livet. Tema for konferansen i år er barn som lever i låginntektsfamiliar. Vil du ha meir kunnskap om dette temaet, og få innspel til kva du kan gjera, er dette noko du får innblikk i på konferansen.

Elevar frå Bergeland videregående skole leiar konferansen. Dei held også ulike innlegg i løpet av dagen med perspektivet sitt på korleis verda kan forståast som ung.

Når det kjem til låginntektsfamiliar; Hva meiner ungdomane sjølv? Kva veit vi frå forskinga, og korleis kan vi gjera det i praksis?

Zeshan Shakar gav i 2017 ut den sterke og viktige romanen Tante Ulrikkes vei. Boka handlar om korleis det er å veksa opp som norskfødd barn av første generasjon innvandrarar. Shakar kjem til Oppvektskonferansen. Kjem du?

Siste del av konferansen blir på Stavanger museum kor det blir opning av utstillinga «Oppvekst i verdens rikeste land - Penger som inngangsbillett».

Deltakaravgift kr 850,- (550,- for frivillig sektor, og gratis for ungdom som deltek i regi av sitt arbeid i ungdomsråd, ungdommens bystyre mm).

Avgifta vert fakturert den enkelte deltakar etter konferansen og påmeldinga er bindande.

Dersom det er behov for overnatting, er det halde av nokre rom til dette arrangementet på Atlantic Radisson BLU. Du får avtalepris på kr. 1.595 dersom du bestiller via Fylkesmannen (fmrofho@fylkesmannen.no).

Påmeldingsfrist 21. mai 2019.

Legg til i eigen kalender
Dato:
5. juni 2019
Stad:
Atlantic Radisson BLU, Stavanger
Ansvarleg:
Stavanger kommune, Stavanger museum/Norsk barnemuseum, Fylkesmannen i Rogaland og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Målgruppe:
Alle som jobbar med og for barn og unge, politikarar, ungdomsråd og andre