Nettverkssamling - samfunnstryggleik og beredeskap 2019

Dato:
13. juni 2019 12:00 - 14. juni 2019 12:00
Stad:
Sauda Kløver hotell/Folkets hus
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass.
Påmeldingsfrist:
23.05.2019 15:00:00

Velkommen til den årlege nettverkssamlinga i samfunnstryggleik og beredskap! Samlinga finn i år stad i Sauda med overnatting og middag på Kløver hotell. Sjølve konferansen er i Folkets hus. Som alltid lovar me eit spennande og variert program, og eit triveleg sosialt opplegg på kvelden.

Deltaking

Det er sjølvsagt mogleg å melda seg på delar av programmet, men me håper at dei fleste deltar på heile konferansen. For å bli gode i lag er det viktig å kjenna kvarandre. 

Programmet er ferdig. Du finn det som vedlegg til denne nettsaka. Dette er nokre av temaa på denne samlinga:

  • Når kommunen må handtera eit drap. Erfaringar frå Hå og Time.
  • Nye farevarsel frå Værvarslinga på Vestlandet.
  • Beskyttelse av sivilbefolkninga. Eit pilotprosjekt i Rogaland.
  • Drukningsulukka på Bokn. Kriseleiing og pårørandehandtering i ein liten kommune.

 

NB! Vi rår dei som skal ta hurtigbåten til og frå Sauda til å reservera plass i god tid før avreise. Dette gjeld både tur og retur. Båtruta finn du her.

Vi har reservert 44 rom på Kløver hotell, som går etter første-mann-til-mølla-prinsippet. Dei som er påmelde etter at hotellromma er fulle, blir kontakta for andre alternativ.

Seminaravgift

  • Alternativ 1: Full pakke: kr. 3000 - Inkludert: konferanse, lunsj begge dagar, overnatting på Kløver hotell og middag på hotellet.
  • Alternativ 2: Dagpakke to dagar: kr. 1500 - Inkludert: konferanse og lunsj begge dagane.
  • Alternativ 3: Dagpakke éin dag: kr.750 - Inkludert: konferanse og lunsj ein av dagane. NB: Hugs å skriva kva dag du kjem.
  • Middag 13. juni: kr. 500,- (Tillegg til alternativ 2 og 3)

Påmeldinga er bindande.

Fylkesmannen sender faktura etter konferansen. Dersom nokon har allergiar: Gi beskjed slik at me kan finne alternativ.

Velkommen til to kjekke dagar i Sauda kommune!

Dato:
13. juni 2019 12:00 - 14. juni 2019 12:00
Stad:
Sauda Kløver hotell/Folkets hus
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass.
Påmeldingsfrist:
23.05.2019 15:00:00

Dokument