Er kommunekartet i Rogaland tilpassa dagens og framtidige utfordringar?

Rapport frå NORCE om Rogalandskommunane og kommunestrukturspørsmålet
Rapport frå NORCE om Rogalandskommunane og kommunestrukturspørsmålet

Frå årsskiftet blei talet på kommunar i Rogaland redusert frå 26 til 23. Eit gjennomgåande trekk ved kommunereforma som ligg bak oss er at store kommunar blei endå større. Dette gjeld ikkje minst i Rogaland. Då blir dei minste kommunane relativt sett mindre. På kort sikt er ikkje dette problematisk, men er kommunekartet i Rogaland tilpassa dagens og framtidige utfordringar? Mykje tyder på at så ikkje er tilfellet.

På oppdrag frå Fylkesmannen i Rogaland, gjorde forskingsinstituttet NORCE i 2019 ei spørjeundersøking om kommunestruktur blant politikarar, administrative leiarar og tillitsvalde i kommunane. Vi hadde behov for å få meir kunnskap om årsaka til at resultatet blei som det blei, og kva utfordringar vi har med dagens kommunestruktur i Rogaland.

Til saman svarte 929 personar på undersøkinga. Det ga ein svarprosent på 47. Det er rekna for svært bra for denne typen undersøkingar. Av dei som svarte var 414 kommunepolitikarar, 385 administrative leiarar og 130 tillitsvalde.

Kompetanse og kapasitet i kommunane

Ein kommune har svært mange oppgåver og leverer tenester på mange tenesteområde. Svara frå undersøkinga fortel at det er utfordringar med kompetanse og kapasitet i alle kommunane i Rogaland. Dette kan ha ei geografisk forklaring, då storparten av dei små kommunane i Rogaland ligg i ein felles bu- og arbeidsmarknad med større kommunar.

Sårbarheita er truleg størst i dei små kommunane, der fråvær eller stillingar som står tomme kan ha store konsekvensar. Det blir stadig meir krevjande å rekruttere dyktige fagfolk til viktige jobbar i kommunen. Vi ser ein tendens til at kommunane i aukande grad må setje i gang nye samarbeidstiltak med andre kommunar for å få kabalen til å gå opp, både når det gjeld ressursar og på det faglege.

Fekk merksemd i debatten

Lokal tilhøyrsle og lokaldemokrati er to tema som ifølge undersøkinga fekk mest merksemd i debatten om kommunesamanslåing i 2016. På spørsmålet om kva som blir mest viktig ved ei ny vurdering av kommunestruktur, svarer flest tenestetilbodet. Færrast svarer lokal tilhøyrsle. For respondentar frå små kommunar er likevel lokal tilhøyrsle viktigare enn for respondentar frå mellomstore kommunar og bykommunar. Respondentar frå små kommunar svarte i større grad også tema som økonomi, kompetanse, rekruttering og utvikling av arbeidsplassar.

Grunnlag for å drøfte endring i kommunestruktur

56 prosent av respondentane svarte at dei går inn for kommunesamanslåing, med høgast tilslutning i dei største kommunane. Det som er like interessant er at respondentane i liten grad har endra standpunkta sine for eller mot kommunesamanslåing frå 2016 til 2019.

Utfordringar med rekruttering

Ser vi på utfordringane med å rekruttere og halde på personar med rett kompetanse, fortel svara at det er størst problem i dei små kommunane. Men innan tenesteområda barnehage og helse og omsorg er det like vrient i dei store bykommunane og i dei mellomstore kommunane.

Svara viser at det er størst utfordringar med avgrensa kapasitet og manglande kompetanse innan desse tre områda: barnevern, pleie av personar med psykiske lidingar, demens o.l. og PPT-tenesta.

Respondentar frå små kommunar svarer at geografisk plassering er viktigaste årsak til avgrensa kapasitet og manglande kompetanse. Respondentar frå mellomstore kommunar og store bykommunar peiker på kommunens økonomi som viktigaste årsak.

Utfordringar i grenseområde

Fleire stader i Rogaland er større bustadområde oppdelt av kommunegrenser. For desse områda meiner nesten 60 prosent av respondentane at grensene gjer det vanskeleg å ha effektive tenester og at grensene hemmar utvikling av fellesskap og tilhøyrsle blant befolkninga. Om lag like mange svarte at kommunesamanslåing eller interkommunalt samarbeid kan bidra til å løyse problema. Like over 40 prosent meinte grensejustering kan bidra til å løyse problema.

Kommunane i Rogaland er kjende for å vera gode på planlegging, men undersøkinga viser at kommunane har utfordringar også på dette området. Utfordringane har blitt meir samansette, eksempelvis på klima og samfunnstryggleik. Kommunen si rolle som samfunnsutviklar er undervurdert og eit svært viktig tema. Mange kommunar i Rogaland utgjer ein felles bustad-, service- og kvardagsregion, med fleire døme på tettstadsområde som går gjennom fleire kommunar. Kommunar har her ei felles utfordring med infrastruktur og kollektivtransport, særleg i dei sentrale byområda. Dette kom også klart fram av rapportar som blei laga som grunnlagsdokument i reformprosessen i 2015–2016, både på Haugalandet og på Nord-Jæren.

Fylkesmannen sine vurderingar

Undersøkinga er nyttig og gir oss mykje kunnskap om den verkelegheita som politikarar, leiarar og tillitsvalde opplever i kommunane. Kunnskap som vi vil bruke i vår dialog med kommunane.

Ei slik undersøking gir oss aldri det heile og fulle biletet av utfordringane. Difor hadde vi i etterkant av undersøkinga også ein workshop der fagavdelingane hos Fylkesmannen deltok saman med forskarar frå NORCE. Resultata frå undersøkinga blei samanhaldt med kunnskapar og erfaringar frå Fylkesmannens tilsyn, rapportar og kontakt med kommunane.

Ut frå den kjennskapen Fylkesmannen har med kommunane i Rogaland, veit vi det er ei særleg sårbarheit i dei små kommunane knytt til tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet på fleire område. Det blir stadig vanskelegare å rekruttere dyktige fagfolk til viktige jobbar i kommunane. For dei små kommunane blir det også utfordrande å henge med i den stadig aukande digitaliseringa. Her er det gode samarbeidstiltak på tvers av kommunane i Rogaland, men det vil uansett krevje mye av den enkelte kommune å halde seg oppdatert.

Fylkesmannen utfordrar

Fylkesmannen har i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å stimulere til gode diskusjonar om kommunestruktur, der det lokalt ligg til rette for dette. Vi utfordrar kommunane til å ta opp temaet kommunestruktur også i denne kommunestyreperioden. 

Fylkesmannen gav ei fagleg vurdering om framtidig kommunestruktur i Rogaland til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet i september 2016. Denne kan gjerne nyttast som diskusjonsgrunnlag, men det er først og fremst opp til kommunane å finna oppskrifta på kva som gir den beste løysinga.