Presentasjon av Fylkesmannen si tilråding om kommunestruktur den 27. september

Fylkesmannen i Rogaland har starta den interne prosessen som skal føre fram til ei tilråding om framtidig kommunestruktur. Vi presenterer innstillinga vår på ei open samling tysdag 27. september.

Alle kommunar i Rogaland har nå gjort sine kommunereformvedtak innan fristen 1. juli, og vi har ein frist fram til 1. oktober med å gi vår tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Open prosess

Fylkesmannen skal på sjølvstendig grunnlag gjere ei vurdering av kommunestrukturen i fylket etter at kommunane har gjort sine vedtak. Det er ikkje vi som skal ta avgjerd om kommunestruktur, men skal bidra til eit fagleg avgjerdsgrunnlag fram mot avgjerd i Stortinget. I brev frå KMD datert 30.11.2015 er det ei utdjuping av oppdraget vårt. Sjå eiga nettsak.

Vi har ved fleire høve framheva at vi legg opp til ein open prosess i arbeidet fram mot endeleg tilråding, og aktuelle kommunar blir informerte undervegs i arbeidet.

Samling 27. september

Vi har gjort avtale om å ha ei samling for å presentere den endelege tilrådinga tysdag 27. september. Hovudmålgruppa for samlinga er den politiske og administrative leiinga i kommunane, men det er også opent for andre interesserte.

Samlinga blir på Clarion Hotell Energy på Tjensvoll i Stavanger, og startar med lunsj kl. 11.30.

Andre arrangement knytt til sluttprosessen

Det er elles planlagt følgjande arrangement i fasen fram mot endeleg tilråding:

  • Regional ressursgruppe onsdag 31. august
  • Lunsjmøte der alle ordførarar blir inviterte onsdag 7. september

Kontaktpersonar