Kommunereforma – klargjering av oppdraget vårt

Rolla og oppdraget til Fylkesmannen er presisert i eit nytt brev frå Statsråd Jan Tore Sanner. Nå er tida inne for å skaffe eit tilstrekkeleg grunnlag for vedtak innan 1. juli 2016.

Fylkesmannen fekk i juni 2014 eit brev frå statsråd Sanner der det blei gjort greie for rolla vår i kommunereforma, og vi har nå motteke eit nytt brev med klargjering av dette oppdraget. Vi skal kome med tilrådinga vår innan 1. oktober 2016.

Følgje opp kommunar

I brevet blir det vist til at eit fleirtal i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget har presisert at fylkesmennene må følgje opp dei kommunane som «ikkje på eige initiativ tar nødvendig lokalt leiarskap». Vi vil utfordre om status i arbeidet når vi på nyåret kjem på ein ny besøksrunde i alle kommunane.

Ikkje nok å vedta å fortsette åleine

Statsråden viser til at fleirtalet i Stortinget har peikt på at alle kommunane har utgreiingsplikt, og i dette ligg det å ha ein prosess med nabokommunane der også innbyggarar, næringsliv og frivillig sektor blir involverte.

Fylkesmannen skal kome med tilråding

Det kjem fram av oppdragsbrevet frå 2014 at Fylkesmannen på sjølvstendig grunnlag skal gjere ei vurdering av kommunestyrevedtaka. Vi vil framheve at kommunane må gjere ei tilstrekkeleg vurdering, elles kan det bli slik at vi i større grad må definere utfordringar og framtidige løysingar.

Både oppdragsbrevet frå juni 2014 og det nye brevet finn du i høgremargen.