Gode råd når ny kommune skal lagast

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har nå laga to nye rettleiarar med gode råd og tips til kommunar som ønskjer å slå seg saman. Desse gir svar på ein del spørsmål som kan oppstå i ein slik prosess.

Målet er at dette verktøyet skal vere til hjelp undervegs frå vedtak om samanslåing sommaren 2016 og heilt fram til ein ny kommune er danna. Å lage ein ny kommune er ein omfattande prosess som krev god politisk og administrativ leiing. Samstundes er det litt opp til kommunane korleis dette skal gjerast.

Milestolpar

Kommunane skal passere fleire milepælar på vegen mot ein ny kommune, og mange kommunar i Rogaland er nå i ferd med å avslutte utgreiingsfasen – sjå oversikta vår over status i arbeidet per desember 2015.

Det er laga ein god milestolpefigur som på ein god måte viser heile prosessen:

Fylkesmannen ønskjer å bidra

Gjennom dette verktøyet, og anna materiell som er laga, håper vi at kommunane får god hjelp. Ta kontakt med Fylkesmannen om det er spørsmål som du ikkje finn svar på.

Du finn rettleiaren og debattheftet på KMD si nettside.