Skjønnstilskot til flaumførebyggjande tiltak mot vårflaumen i Rogaland

Regjeringa har sett av inntil 100 millionar kroner i ekstra skjønstilskot til tiltak for å førebyggje alvorleg skade på kritisk infrastruktur i samband med vårflaumen. Midlane går til tiltak som kan gjennomførast raskt, og ha effekt i forhold til varsla flaum. Til kommunane i Rogaland kjem 10 millionar kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.06.2020

Fylkesmannen har fordelt midla vidare ut til kommunar i Rogaland etter særlege retningsliner. Både iverksette og planlagde førebyggjande tiltak som vil ha effekt under den venta vårflaumen kan få støtte. Tiltaka skal primært førebyggje skade på kommunal infrastruktur og eigedom. Akutte tiltak skal ha prioritet. Meir langsiktige førebyggjande tiltak skal ikkje få tilskot. Det blir lagt til grunn ei kommunal eigenfinansiering på 15 prosent.

Tabellen under viser kva kommunar som fekk midlar og dei tiltaka mot vårflaumen som kommunane no sette i verk.

Kommunar i Rogaland Tildelte kroner

Sauda kommune: Flaumsikring i Hellandsbygd og i Nordelva. I tillegg skal deler av midla gå til flaumsikring av Saudahallen.

4 800 000

Lund kommune: Flaumsikring av elva frå Hovsvatnet til Rusdal, Mårdalsbekken (Hovsherad) og Moisånå.

1 540 000

Stavanger kommune på vegne av Digi Rogaland og i samarbeid med Sauda kommune: Pilotprosjekt for tidleg varsling av flaum.

1 000 000

Sandnes kommune: Mobilt flaumvernutstyr

700 000

Gjesdal kommune: Utstyr for overvaking og registrering ved flaum

552 500

Bjerkreim kommune: Mobilt flaumvernutstyr

347 000

Eigersund kommune: Heve/senkemekanisme til Tyskerbrua og bjelkestengsler i Svanedalsparken.

306 500

Suldal kommune: Mobilt flaumvernutstyr

300 000

Hjelmeland kommune: Sikring av brukaret under Meland bru og ei lita bukt nedstraums for brua, i tillegg til mobilt flaumvernutstyr.

250 000

Strand kommune: Mobilt flaumvernutstyr

204 000

Sum for Rogaland

10 000 000


Tiltaka i Hellandsbygd, i elva frå Hovsvatnet til Rusdal, i Mårdalsbekken og i Moisånå krev formell godkjenning frå Rogaland fylkeskommune. I Nordelva krev tiltaka formell godkjenning frå Fylkesmannen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.