Framleis lågare skattevekst enn landet

Mange kommunar melder også i år om eit godt økonomisk resultat for føregåande år, og også denne gongen er mykje av forklaringa høgare skatteinntekter enn venta. Sjølv om skatteveksten var lågare i kommunane i Rogaland enn landet får dei likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2019

Tal for skatteinngangen i kommunane i 2018 ligg nå føre. Det var forventa ein vekst på 2,4 % i oktober, men resultatet for landet blei 3,8 %. For Rogaland blei veksten berre 2,1 %. Rogaland har hatt vesentleg lågare vekst enn landet frå og med 2015, medan det vanlege åra før var høgare vekst enn landet. Kommunane i fylket får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis over landet, men har gått ganske mykje ned f.o.m. 2015. 

Uventa høg vekst i 2018

Frå Finansdepartementet har det vore operert med desse vekstoverslaga for 2018 (i høve til inngangen i 2017, mill. kr og vekst i %):

  mill.kr %
Rekneskapstal 2017 156 585  
Statsbudsjettet 2018 - 12.10.17 158 500 1,2
Komm.prp. 2019 - 15.5.18 158 200 1,0
Statsbud. for 2019- 8.10.18 160 330 2,4
Rekneskapstal 2018 162 536 3,8

I statsbudsjettet for 2019, budsjettproposisjonen for KMD, har ein denne forklaringa på den gode skatteinngangen:

"Bakgrunnen er ekstraordinært store uttak av utbytter til personlig skattytere for inntektsåret 2017, som trolig skyldes tilpasninger til skattereformen."

Ein kan dermed ikkje rekna med tilsvarande vekst i 2019.

Størst vekst i 2018 hadde Utsira, Haugesund, Tysvær, Suldal, Rennesøy og Karmøy. Desse hadde betre inngang enn landet. Svakast utvikling hadde Sauda og Forsand. Ofte vil sterk vekst eitt år følgjast av svakare vekst det neste.

Veksten i Rogalandskommunane

    vekst i 2018 vekst i 2017 vekst i 2016 vekst i 2015 vekst i 2014 % av landet
Kom.nr Kommune % % % % % 2018
1101 Eigersund 0,1 0,6 3,9 -1,0 8,8 92,1
1102 Sandnes 3,0 0,0 4,4 2,9 4,3 99,7
1103 Stavanger 1,2 -3,4 2,6 3,2 0,5 121,0
1106 Haugesund 6,8 3,6 3,8 4,1 0,1 95,0
1111 Sokndal 3,6 0,0 5,1 3,7 -0,4 82,5
1112 Lund -1,1 11,4 4,8 2,4 3,0 79,3
1114 Bjerkreim -5,4 3,3 10,6 3,5 1,0 82,9
1119 1,1 0,4 7,1 2,8 4,4 82,5
1120 Klepp 3,7 -1,4 7,5 1,2 3,4 92,5
1121 Time 2,1 -0,8 8,2 3,3 2,7 94,2
1122 Gjesdal 3,2 -1,4 5,8 4,0 4,0 86,7
1124 Sola 2,8 -4,2 2,6 7,5 5,3 120,5
1127 Randaberg 3,7 -3,7 3,0 1,8 4,6 105,2
1129 Forsand -7,9 1,3 11,1 2,8 3,9 129,5
1130 Strand 2,7 1,8 9,3 1,7 3,3 88,2
1133 Hjelmeland -0,3 0,7 3,1 5,9 -0,3 113,4
1134 Suldal 5,6 3,1 4,2 4,9 -0,6 130,0
1135 Sauda -14,2 37,3 -16,4 5,7 -1,2 92,5
1141 Finnøy -3,7 8,8 7,9 0,5 2,4 92,0
1142 Rennesøy 5,2 -4,2 8,0 5,5 3,0 103,7
1144 Kvitsøy -4,0 22,4 0,4 5,1 -0,3 88,8
1145 Bokn 1,4 3,5 3,5 -0,7 2,8 82,1
1146 Tysvær 6,0 6,1 3,3 3,6 2,9 87,7
1149 Karmøy 3,9 1,6 4,9 3,4 3,4 84,0
1151 Utsira 15,2 3,6 -11,1 -0,2 -2,0 85,6
1160 Vindafjord -7,5 24,8 7,2 2,5 -13,1 103,1
  Rogaland 2,1 -0,3 4,0 3,3 2,1 102,8
  Rogaland u.Stvgr. 2,6 1,3 4,7 3,4 3,0 95,7
  Heile landet 3,8 4,5 9,7 6,0 1,9 100,0

Lågare vekst enn landet

Nivået for fylket når det gjeld skatteinntekt (inkl. selskapsskatt t.o.m. 2008) pr. innbyggjar viser følgjande utvikling: (% av landet)

2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004
102,8 104,6 108,7 114,5 117,9 118,3 115,8 114,8 113,6 113,1 115,2 115,5 111,6 105,9 105,0

 

Rogaland hadde tidlegare oftast betre skatteinngang enn  landet. Dette har hatt samanheng med høgare folketilvekst, dels også at personinntektene har auka meir enn landet. F.o.m. 2015 har skatteinntekt pr. innbyggjar auka mindre enn landet. 

Redusert bidrag til inntektsutjamninga

Inntektsutjamningsordninga i rammeoverføringa jamnar ut skilnader i skatteinntekter mellom kommunar. Kommunar med skattenivå over snittet for landet blir trekt i rammeoverføringa og kommunar som ligg under landsnivået får eit tillegg. For fylket er samla nivå for skatt og inntekts-utjamning på 100,4 % av landsnivået i 2018. Samla sett er kommunane i fylket ein bidragsytar i denne ordninga, men «bidraget» blei ytterlegare redusert i 2018, til 356 mill. kr, frå 472 mill. kr i 2017, 833 mill. kr i 2016 og  1 211 mill. i 2015.

17 av kommunane tener på ordninga, dvs. dei som har lågare skatteinntekt pr. innbyggjar enn landssnittet, mot 16 i 2017 og 2016, og 13 i 2015.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.