Skjønstilskot til språkdeling 2018

Fylkesmannen har fordelt  9,9 mill. kr av skjønsramma for 2018 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2018

Fordelinga er slik:

Kommune

 

1000 kr

 

1120

Klepp

3 800

 

1121

Time

350

 

1122

Gjesdal

250

 

1124

Sola

1 100

 

1130

Strand

2 100

 

1142

Rennesøy

600

 

1146

Tysvær

1 700

 

 

sum

9 900

 

Bakgrunnen for tildelinga er at desse kommunane har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling i grunnskulen. I opplæringslova § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe.

Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs. at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle fag utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf. Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.

Fleire grupper

Det har vore ein viss auke i talet på ekstragrupper dei siste par åra og samla tildeling til dette føremålet er dermed auka, medan utteljinga pr. gruppe blir noko mindre.

Det står etter dette att 7,05 mill. kr av skjønsramma for 2018. Dette vil i hovudsak bli brukt til kommunale innovasjonsprosjekt, det vil bli lyst ut ein ny  søknadsrunde i nær framtid. Vi vil likevel halda att 3,38 mill. til oktober (5 % av totalramma), slik som føresett i retningslinjene frå departementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.