Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2016

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram onsdag 7.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 4,5 prosent, mot 4,3 prosent for landet, i høve til overslag på rekneskap 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2015

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Det blir lagt opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2016 på 7,3 mrd. kr, tilsvarande 1,7 prosent. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2015 revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2015.
  • Av den samla inntektsveksten er 4,7 mrd. kr eller 1,4 prosent frie inntekter. Av dette 4,2 mrd. kr til kommunane.
  • Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2016 på 2,7 prosent.
  • Tiltakspakke for auka sysselsetjing, m.a. 500 mill. kr til vedlikehald og rehabilitering av skolar og omsorgsbygg i kommunar
  • Skattøyret blir auka frå 11,35 til 11,8 prosent.
  • Det økonomiske opplegget for inneverande år er uendra i høve til Kommuneproposisjonen i vår.

Det økonomiske opplegget for 2015

Skatteinngangen har tatt seg opp dei siste månadene og overslaget i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2015 blir derfor ståande.

Skatteoverslag for kommunane for 2015 (mill. kr og vekst frå 2014):

 

Mill kr

Vekst %

Rekneskapstal   2014

128 883 

 

Statsbudsjettet   2015 - 8.10.14

135 530

5,2

Sald.prp.   for 2015, des. 2014

136 152

5,6

Komm.prp.   2016 - 12.5.15

134 830

4,6

Statsbud.   for 2016 - 7.10.15

134 830

4,6

Deflatoren for 2015 er uendra, dvs.  2,9 prosent, av dette lønsvekst i kommunane på 3,2 prosent. Dette gir ein realvekst på 9 mrd., eller 2,2 prosent. Veksten i frie inntekter er 6,1 mrd. kr eller 1,9 prosent. Inntektsoverslaga er dei same som i RNB2015 / Kommuneproposisjonen 2016.

Meir om det økonomiske opplegget for 2016

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2016 blir det lagt til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 2,7 prosent. Dette byggjer m.a. på eit generelt lønsvekstoverslag på 2,7 prosent og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2016 på 7,3 mrd. kr , tilsvarande 1,7 prosent. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2015 i RNB 2015. Det er høgare enn det som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2016, dvs. ein vekst på mellom 6 og 7 mrd. kr.

Av den samla inntektsveksten er 4,7 mrd. kr eller 1,4 prosent frie inntekter, av dette  4,2 mrd. kr på kommunane og 0,5 mrd. kr på fylkeskommunane.

Ut over veksten i frie inntekter, føreslår Regjeringa auka løyvingar til fleire tiltak innan helse og omsorg, barn og unge og samferdsel, jf. nedanfor.

I samband med stortingsbehandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2015 blei kommuneøkonomien styrka med 1,2 mrd. kr. Denne styrkinga blir vidareført til 2016.

Det blir lagt fram ein særskilt tiltakspakke for auka sysselsetjing på i alt 4 mrd. kr. Dei særskilte tiltaka i denne pakken vil vera mellombelse og er innretta slik at dei lett skal kunna reverserast. Tiltaka skal fremja auka sysselsetjing på kort sikt, samstundes som regjeringa legg  til rette for ein langsiktig omstilling av norsk økonomi.

Som ledd i tiltakspakken føreslår regjeringa eit eingongstilskot på 500 mill. kr til vedlikehald og rehabilitering av skolar og omsorgsbygg i kommunar. Midla vil bli fordelt med likt kronebeløp per innbyggjar utan søknad. Midla kjem i tillegg til veksten i kommunanes inntekter.

Det er betydeleg uvisse  om utviklinga i norsk økonomi og kommunanes skatteinntekter. Skatteoverslaget for i kommunesektoren i 2016 byggjer på ei samla vurdering av utviklinga i norsk økonomi. Det vil bli føretatt ei ny vurdering av kommuneøkonomien og skatteinngangen i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2016.

Veksten i dei frie inntektene skal dekka desse kostnadene (mrd. kr):

 

Kommunane

Fylkeskommunane

Demografi

1,7

-

Pensjonskostnader *

0,8

0,1

Rusomsorg

0,4

-

Helsestasjonar og skolehelseteneste

0,2

-

Fleksibelt barnehageopptak

0,4

-

Fylkesvegar

-

0,2

     

*auka   pensjonskostnader på i alt 0,9 mrd. er eit grovt overslag

 

Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anslått meirutgiftene for kommunesektoren i 2016 til om lag 2,1 mrd. kr som følgje av den demografiske utviklinga. Av dette reknar ein at om lag 1,7 mrd. kr må finansierast innanfor veksten i frie inntekter.

I Kommuneproposisjonen 2016 rekna ein med ein vekst i kommunesektorens samla pensjonskostnader på rundt 900 mill. kr i 2016, ut over det som blir dekka av den kommunale deflatoren. Dette må dekkast av dei frie inntektene.

Regjeringa styrkar også det sosiale tryggingsnettet gjennom å setja av 400 mill. kr av veksten i frie inntekter til ei betre rusomsorg (blir fordelt etter sosialhjelpsnøkkelen) og 200 mill. kr til helsestasjons- og skolehelsetenesta (særskilt fordeling).

Vidare er 400 mill. kr av veksten i frie inntekter knytt til meir fleksibelt barnehageopptak.

Skatteoverslaget for kommunane for 2016 (skatt på inntekt og formue) er 144,8 mrd. kr, dvs. ein vekst på 7,4 prosent i høve til 2015. Dette byggjer på 0,5 prosent sysselsetjingsvekst, 2,7 prosent lønsvekst, og ein skattedel av inntektene på 40 prosent. På grunn av auken i rammeoverføringane i RNB 2015 med 1,2 mrd. kr., gjekk skattedelen i 2015 ned til vel 39 prosent av samla inntekter. Den kommunale skattøyren for 2015 er på bakgrunn av dette føreslått auka med 0,45 prosentpoeng til 11,8 prosent.

Endringar i inntektssystemet

Veksttilskotet blir styrka ved at terskelen for å få tilskot blir senka, frå folketilvekst på 1,6 prosent for 2015  til 1,5 prosent for 2016. Tilskotet blir også prisjustert frå 55 000 kr i 2015 til 56 485 kr per innbyggjar utover vekstgrensa i 2016.

Folkeveksten har vore noko lågare i 2015 enn i året før. Færre kommunar vil derfor få veksttilskot i 2016, dvs. 64 kommunar mot 68 i 2015.

Veksttilskotet utgjer 440,6 mill. i 2016, mot 393 mill. kr i 2015, og 61 mill. kr i 2014. Av dette går 115,3 mill. kr til 10 kommunar i Rogaland.

Småkommunetilskotet blir ikkje prisjustert i 2016.

Forslag til nytt inntektssystem for kommunane blir sendt på høyring før jul.

Meir om endringane  etter tenesteområde

Helse og omsorg

I tillegg til satsinga på rusomsorg og helsestasjons-  og  skolehelsetenesta  gjennom dei frie inntektene føreslår regjeringa:

Investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplasser:

Det blir føreslått ei tilsegnsramme på 4,1 mrd. kr til 2 500 heildøgns omsorgsplasser i sjukeheim  og omsorgsbolig i 2016.

Dagtilbod til demente:

Regjeringa vil fremja forslag til endring av helse- og omsorgstenestelova slik at kommunane frå 1. januar 2020 får plikt til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Det blir lagt opp til ei utbygging av tilbodet fram mot 2020. Det blir løyvt 71,3 mill. kr som øyremerka midlar på HODs budsjett i 2016. Dette vil leggja til rette for 1 200 nye plasser.

Fleire psykologar i kommunane:

Regjeringa varsla i primærhelsetenestemeldinga at den vil innføra lovkrav om psykologkompetanse i norske kommunar frå 2020. For å bidra til forsterka rekruttering fram til psykologkompetansekravet trer i kraft, blir det føreslått å leggja om det eksisterande rekrutteringstilskotet til eit flatt årleg tilskot på 300 000 kr per psykologårsverk som blir rekruttert frå 2016. Det blir løyvt 145 mill. kr til dette i 2016. Tilskotet gir rom for inntil 150 nye psykologårsverk i 2016.

Øyeblikkeleg hjelp:

Kommunane har frå 1. januar 2016 ei plikt til å sørgja for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for pasientar med somatiske sjukdommar. Som følgje av dette blir det føreslått å overføra 1 206,6 mill. kr til rammetilskotet til kommunane. 603,3 mill. kr blir flytta frå kap. 762 post 62 og tilsvarande beløp frå kap. 732, post 72–75. Tilbodet innan somatikk er blitt fasa inn frå 2012. Det tas sikte på å innføra plikt til kommunal øyeblikkeleg hjelp døgntilbod innan psykisk helse- og rusområdet frå 2017.

Ressurskrevjande tenester

Det blir føreslått å auka innslagspunktet med 10 000 kr utover prisjustering – til  1 081 000 kr.

Kompensasjonsgraden på 80 % blir ikkje endra.

Den underliggjande veksten i ordninga ser framleis ut til å vera sterk. Løyvinga aukar med 1,2 mrd. kr i 2016 samanlikna med saldert budsjett 2015.

Barnehagar

0,4 mrd. kr av veksten i frie inntekter er knytt til eit meir fleksibelt barnehageopptak. Dette svarar til heilårseffekten av løyvinga i 2015-budsjettet.  Satsinga utgjer med dette nærare 750 mill. kr.

Løyvinga over budsjettet til Kunnskapsdepartementet knytt til auka kompetanse og kvalitet blir auka med 160 mill. kr i 2016. Midla skal bla. gå til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning og til lokale tiltak for å styrkja det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Det er også løyvt 10 mill. kr over rammetilskotet for å leggja til rette for at kommunane kan styrkja informasjons- og rekrutteringsarbeidet for å auka barnehagedeltakinga for barn frå familiar med låg inntekt og/eller minoritetsspråkleg bakgrunn.

Frå 2016 får ikkje-kommunale barnehagar den same finansieringa som kommunale barnehagar (dvs. 100 pst av tilskotet til tilsvarande kommunale barnehagar). Kommunane blir kompenserte ved ein auke i rammetilskotet på 180 mill. kr.

Det blir gjort endringar i forskrifta om finansiering av ikkje-kommunale barnehagar for å gi betre samsvar mellom reelle utgifter og tilskotet frå kommunen. Endringane er først og fremst knytt til pensjons- og kapitalutgifter. Dette gir isolert sett ei innsparing på 338 mill. kr som blir trekt ut av rammetilskotet.

Skole

Som ein del av realfagsstrategien regjeringa har blir det føreslått å auka timetallet i naturfag med éin veketime på 5.-7.  trinn frå hausten 2016. Kommunane blir kompenserte gjennom ein auke  i rammetilskotet på 77,6 mill. kr.

Kompetansesatsinga i skolen held fram på same høge nivå.  I løpet av to år har regjeringa nesten tredobla talet på  plasser i vidareutdanning for lærarar, og i 2016 vil over 5 000 lærarar få tilbod om vidareutdanning.

Regjeringa føreslår ei investeringsramme på 1,5 mrd. kr i rentekompensasjonsordninga for skole- og symjeanlegg i 2016. Med dette forslaget er heile investeringsramma på 15 mrd. kr i den åtteårige ordninga som ble innført i 2009, fasa inn i budsjettet.

Flyktningar og integrering

På bakgrunn av den kraftige auken i talet på asylsøkjarar er det lagt fram forslag om tilleggsløyvingar i 2015, m.a. ein auke i tilskotet til utleigebustader på 50 mill. kr.

I budsjettet for 2016 vil regjeringa styrka integreringstilskotet med 50 mill. kr til eit ekstratilskot til kommunar ved busetjing av flyktningar. Kriteriet for å få tilskot er at kommunen i 2016 buset fleire enn dei blei bedne om i 2015. Tilskotet blir utbetalt med 50 000 kr for kvar person kommunen buset utover dette i 2016.

Vidare vil ein styrkja det særskilte tilskotet for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar med 25 mill. kr. Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslige, mindreårige flyktningar blir busette. Satsen blir føreslått auka frå 191 300 kr i 2015 til 207 000 kr i 2016.

Som følgje av den store auken i talet på  asylsøkjarar  sidan sommaren, har regjeringa også varsla at den vil leggja fram ein tilleggsproposisjon for 2016-budsjettet i løpet av hausten.

Korreksjonar i inntektsgrunnlaget

Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, og endringar i finansieringsform, skal kommunesektoren kompenserast eller trekkjast i  rammetilskotet på grunnlag av berekna endring i økonomisk belasting. Disse endringane blir haldne utanom veksten i frie inntekter. Alle slike saker er omtalt fullt ut i tabell 6.19 i budsjettproposisjonen. Dei viktigaste større sakene som gjeld kommunane (1000 kr):

Øyeblikkeleg hjelp, døgnopphald

1   206 600

Likeverdig behandling, kommunale/private barnehagar

180   000

Endring finansieringsordning,   ikkje-komm. barnehagar

-338   000

Ny naturfagstime

77   600

Overføring skatteoppkrevjarfunksjon

-630   000

Omdisponering til valarbeidet

-66   719

Husbanken (SIKT)

-11   200

Forsøk med ny oppgåvefordeling i   barnevernet

247   600

Statlege og private skolar, auke i   elevtal

-109   000

Dei andre sakene er i hovudsak saker med heilårseffekt i 2016 (dvs. saker som er sette i verk i 2015), eingongsløyvingar eller saker av meir teknisk art.

Lenkjer til tabellane i grønt hefte i høgremenyen. Vidare tabell med bakgrunnstal for tabell 3 som m.a. viser oppgåvekorrigeringane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.