Fylkesmannens rolle i grensejusteringssaker

Fylkesmannen har så langt i år mottatt éin søknad knytt til justering av kommunegrensa i ein kommune som inngår i kommunereforma (Forsand). Saka er utsett, men ikkje lagt vekk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2017

Den normale rutinen i slike saker er at Kommunal- og moderniseringsdepartementet, eventuelt Fylkesmannen, tar stilling til om saka skal behandlast som grensejusteringssak eller som samanslåings- eller delingssak.

Dersom saka skal behandlast vidare som grensejusteringssak, hentar Fylkesmannen inn fråsegn frå dei involverte kommunane før ein tar stilling til den vidare saksgangen.

Grensejusteringar midt i kommunereforma

Rundskrivet om inndelingslova (sjå vedlagt lenke) gir ikkje svar på korleis grensejusteringssaker skal behandlast når dei aktuelle kommunane, eventuelt saman med annan kommune, alt er omfatta av ei delingssak, slik tilfellet er under kommunereforma. Fylkesmannen har derfor, i samråd med departementet, valt å utsetja den vidare saksgangen i grensejusteringssaka i Forsand til Stortinget har tatt stilling til proposisjonen om kommunereforma. Det er venta at departementet kjem med meir informasjon om Fylkesmannen si handtering av slike saker etter stortingsbehandlinga.

Saka er sendt til departementet. KMD har såleis høve til å opplysa Stortinget gjennom kommunereform-proposisjonen.

Les meir om Fylkesmannen si rolle i grensejusteringssaker etter inndelingslova

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.