Søknad om løyve til utfylling i sjø ved Mekjarvik i Randaberg kommune


Høyringsfrist 04. februar 2019 00:00

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens vegvesen Region vest om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16. Søknaden gjelder en utfylling i sjø ved Mekjarvik, eigendom 50/4 i Randaberg kommune.

Søknaden omfattar utfylling av ca. 3,4 million m3 sprengsteinmassar. Tiltaket vil røra ved eit samle sjøbotnareal på ca. 119 000 m2. Føremålet med tiltaket er å etablere hamne- og industriområde ved Mekjarvik.

Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Randaberg kommune, Servicetorget, Randabergveien 370.

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 4 veker frå utleggingstidspunktet.

Sjå søknad og høyringsdokument i lenkene til denne nettsaka.