Framlegg til frivillig skogvern – Hesten naturreservat


Høyringsfrist 12.august 2018 12:00

Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Hesten naturreservat i kommunane Forsand og Strand. Foreslått verneareal er ei utviding av Gitlandsåsen naturreservat, med endring av namn til Hesten naturreservat for heile området.

Høyringsbrev, forslag til forskrift for Hesten naturreservat, forslag til vernegrenser for Hesten naturreservat og ein oppsummering av merknader til melding om oppstart av verneprosess i Hesten, er publisert i dokumentlenkene i denne nettsaka.

Fylkesmannen ber om tilbakemeldingar innan 12. august 2018. Uttale kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.