Tvangsavgrensingslova blir for vanskeleg

Framlegget til ei ny tvangsavgrensingslov for helse- og omsorgstenesta er for omfattande, komplisert og uklart. Det blir utfordrande for fagfolk og pasientar/brukarar/pårørande å forstå og bruke lova, noko som er eit betydeleg rettstryggleiksproblem.

Dette skriv vi i høyringsuttalen til NOU 2019:14. Utvalet vil ha ei samla lov for tvang retta mot personar som treng helse- og omsorgstenester. Fylkesmannen er i utgangspunktet positiv til ei ny samla tvangsavgrensingslov for helse- og omsorgstenesta, men ho må bli mykje enklare å forstå.

Retten til nødvendige helse- om omsorgstenester er for lite vektlagt

Fylkesmannen er kritisk til korleis utvalet balanserer ulike verdiar og meiner retten til nødvendige helse- og omsorgstenester er for lite vektlagt av utvalet.

Utfordringar med tvangsavgrensningsnemnder

Utvalet vil opprette tvangsavgrensingsnemnder og vil at fylkesmennene skal vere sekretariat for desse. Fylkesmannen meiner at det utvalet foreslår på fleire område vil svekke personars rettstryggleik sammenligna med i dag, og at tvangsavgrensingsnemndane har fleire svakheiter i samansetning og kompetanse. Det at Fylkesmannen skal vere sekretariat er i strid med den sentrale rolla til Fylkesmannen som klage- og tilsynsorgan, og vil gjere det vanskeleg for Fylkesmannen å føre uavhengig tilsyn.

Vår høyringsuttale ligg under «Dokument» i denne saka.