Tilskot til kommunalt rusarbeid

Helsedirektoratet har kunngjort tilskotsordninga «Kommunalt rusarbeid». Målet for ordninga er auka kapasitet og varig kapasitetsvekst i kommunen sine tenester, slik at mennesker med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.01.2017

Tilskotet har i år fått ny innretning. Det blir lagt til rette for ei meir systematisk kapasitetsbygging enn tidlegare. Dette inneber ein tidsavgrensa tilskotsperiode på inntil fire år med ein årleg reduksjon av tilskotssum. Det blir stilt samtidig krav om forankring av tiltak/stillingar i kommunale planverk og budsjett.

Ordninga skal støtte måla i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016 - 2020) ( https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-15-s-20152016/id2460953/sec1#?ch=1&q=&_suid=1474273828064039896756700499375)

Søknads og rapporteringsfristar:

-          Søknadsfrist for ordninga er 1. mars 2017.

-          Frist for rapportering på tilskot motteke i 2016 er 1. februar 2017.

Meir informasjon om tilskotsordninga, søknads og rapporteringsskjema finn du på Helsedirektoratet si nettside (https://helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-rusarbeid)

Søknad og rapportering sendast med e-post til fmropost@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.