Forskrift om helsekrav

Helsedirektoratet har laga ei ny forskrift om helsekrav for personar i arbeid på innretningar i petroleumsverksemda til havs. Forskrifta tok til å gjelde frå 1. januar 2011.

Publisert 01.07.2011

FOR 2010-12-20 nr 1780: Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs erstattar FOR 1990-11-12 nr 1164: Forskrift om helsekrav for personer i petroleumsvirksomheten. Den viktigaste endringa er at legar som skal skrive helseerklæring skal ha godkjenning som petroleumslege.

Overgangsordningar

Dei helseerklæringane og dispensasjonane som er gitt før 1. januar 2011, vil fortsett vere gyldige.

Den som vil arbeide som petroleumslege må seinast innan tre år søkje om godkjenning, jamfør § 23. Det same gjeld for legar i utlandet som er godkjent etter § 5 i gammal forskrift (FOR 1990-11-12 nr 1164). Vi vil kome tilbake med meir informasjon om godkjenningsordninga så snart den er klar.

Forskrifta opnar altså for at lege som ikkje har godkjenning som petroleumslege i ein overgangsfase fram til 1.1.2014 kan skrive helseerklæringar.

Legar som ønskjer å utføre slik helseundersøking må gjere seg kjent med forskrifta og rettleiinga.

Helseerklæringar utstedt på gamle skjema (I-1148) vil inntil bli godtekne som dokumentasjon. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om nye blankettar og skjema så snart dei er klare.

Legar som er godkjente som dykkarlegar, eller som ynskjer å bli dykkarlege, vert og omfatta av gjeldane forskrift.

Ny forskrift

Engelsk versjon av forskrifta (med meir)