Ofte stilte spørsmål

Kven kan søke om vigselrett og kven kan utføre vigslar?

Krav til registrering av trussamfunn

Kven kan søke om vigselrett og kven kan utføre vigslar?

Registrerte trossamfunn som har fått godkjent vigselsrituale frå Barne, ungdoms og familiedirektoratet kan utføre vigslar.

Fylkesmannen minner om at det berre er den som Fylkesmannen har godkjent som forstandar for et trossamfunn, med vigselsrett, som har rett til å føreta vigslar. Dersom vigsel blir utført av ein annan enn den som er godkjent som forstandar vil vigselen vere ugyldig. Vidare vil vigselen vere ugyldig dersom ein nyttar eit anna enn det godkjente ritualet. Dette følgjer av ekteskapsloven § 16.

Vigslaren utfører ei offentleg myndighetshandling ved inngåing av ekteskap. Prest/forstandar i registrerte trussamfunn opptrer som statens representant når dei medverkar til inngåing av ekteskap og dei utfører såleis ein ikkje-kyrkjelig funksjon. Men dei opptrer på vegne av trussamfunnet og utøvar ein religiøs funksjon når det gjeld den religiøse sida av vigselsritualet trussamfunnet har.

Fylkesmannen vil gjere merksam på at godkjent forstandar berre har høve til å vie innanfor sitt eige tenestedistrikt, jf lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 14. Det vil gå fram av registreringa til Fylkesmannen kva område som er oppgitt å vere tenestedistrikt for det aktuelle trussamfunnet.

Krav til registrering av trussamfunn

Før registrering av trussamfunn treng vi:

1. fullstendig namn og adresse for trussamfunnet
2. truvedkjenning og lære i hovudtrekk
3. organisasjon, verksemd og utbreiing. Derunder tal på medlemmer.
4. namn på styre- eller utvalsmedlemmer
5. namn og tenestedistrikt for prest/forstandar
6. eventuelle retningslinjer eller vedtekter om trussamfunnets formål, om kven som kan vere medlem av samfunnet, om representasjon, tillitsmenn og tenestemenn og reglar om endring av retningslinjer eller vedtekter og om oppløysing av samfunnet og liknande.
7. organisasjonsnummer

Trussamfunn som omfattar menigheter i fleire fylke kan sende registreringsmelding under eitt til fylkesmannen i det fylket kor samfunnet har hovudsetet. I så fall må meldinga innehalde ei liste over dei menigheter som skal omfattast av registreringa, ordna fylkesvis.

Meldinga skal vere skriftleg og underskriven av den eller dei som etter retningslinjer eller vedtekter for samfunnet forpliktar dette.