139 skal feira norsk statsborgarskap

Frå Statsborgarseremonien i 2018.
Frå Statsborgarseremonien i 2018. (Foto: Ivar Langvik / Fylkesmannen i Rogaland)

Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 15. juni. Dei kjem frå 52 nasjonar og bur i 19 rogalandskommunar. 

Det er Fylkesmannen i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein staseleg festdag

Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Lubna Jaffery frå IMDi er årets hovudtalar.

19 kommunar i Rogaland er representerte i år

Dei 139 festklare statsborgarane bur i 19 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 360 festdeltakarar i Kuppelhallen.

Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar møter også.

Tid/stad

Laurdag 15. juni 2019 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.

Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 19 kommunane

Eigersund 1
Finnøy 1
Gjesdal 2
Haugesund 10
Hjelmeland 1
2
Karmøy 6
Klepp 2
Randaberg 5
Rennesøy 5
Sandnes 28
Sauda 1
Sokndal 1
Sola 6
Stavanger 63
Strand 2
Time 1
Utsira 1
Vindafjord 1