Spørsmål ved separasjon og skilsmisse

Under finn du ei oversikt over ofte stilte spørsmål

Publisert 11.05.2015

Spørsmål

 

Kan søknad om separasjon/skilsmisse sendast elektronisk og kor finn eg dei aktuelle skjema?

Svar:  Ja, det er mogleg å søkje elektronisk. Søknadsskjema finn du her:

   https://skjema.fylkesmannen.no/Separasjon-og-skilsmisse/ [tilbake]

Kva skal til for å få separasjon og når får separasjonen virkning?

Svar: Ein ektefelle som ikkje vil fortsetje samlivet kan i fellesskap med ektefellen, eller ensidig, krevje separasjon etter ekteskapslova § 20. Dette gjeld uavhengig av om ektefellane er einige om separasjon eller ikkje. Krav på separasjon gjeld og i tilfeller partane ikkje er einige om dei andre spørsmål bruddet reiser, for eksempel forholdet til barna og det økonomiske oppgjøret.

Separasjonstida byrjar å løpe frå det tidspunktet Fylkesmannen treff vedtak om separasjon og det gis bevilling. Dersom ein av partene klager på vedtaket om separasjon, er derimot ikkje separasjonen endelig før klagesaken er endeleg avgjort. [tilbake]

Kor lenge kan me bu saman etter at me har motteke bevilling om separasjon og kor lang er separasjonstida?

Svar: At det gis separasjonsbevilling inneber at partane eit år seinare kan søkje om skilsmisse etter §21. Men i dette tidsrommet er det ikkje nok at partane har kvar sitt soverom i kvar sin etasje. Det må vere to åtskilde bueiningar. Det er viktig å merkja seg at separasjonen vert utan rettsverknad dersom ektefellane held fram eller tek oppatt samlivet. I så fall må det søkjast om separasjon på nytt. Samliv i ei overgangstid eller kortvarige forsøk på å ta oppatt samlivet, kan likevel aksepterast.

Fylkesmannen gjer i slike tilfelle ei konkret vurdering av separasjonen når det vert søkt om skilsmisse. I førearbeida til lova er ein overgangsperiode på tre til fire veker rekna som akseptabel. I praksis er det likevel opna for ein noko lengre avviklingsperiode. Vurderinga av om separasjonen er broten vil måtte byggje på skjøn. Kvifor partane har halde fram eller teke opp att samlivet vil vere av betydning for vurderinga.

Separasjonstida er eitt år, uansett om partane er einige om separasjonen eller ikkje. [tilbake]

Skal ein melde frå dersom ein flyttar saman att i separasjonstida, og i så fall korleis gjer eg det?

Svar. Ja, ei slik melding skal sendast til folkeregisteret. Du skal melda opphør til skatteetaten. Her finn du ytterligare informasjon og skjema:

http://www.skatteetaten.no/no/Skjemaer/Foresporselmelding-om-opphor-av-separasjon/ [tilbake]

Må ein alltid gjennomføra mekling dersom me har felles barn under 16 år?

Svar: Ja. Mekling må gjennomførast når det søkes om separasjon etter ekteskapsloven §20, men og ved skilsmisse etter to års faktisk samlivsbrudd utan formell separasjon etter §22. Også i tilfelle der den eine parten bur i utlandet , på ukjend adresse eller barna er under barnevernets omsorg men foreldra ikkje er frateken foreldreansvar, krev vi meklingsattest før vi kan gi separasjonsbevilling.

Mekling foregår på eit familierådgjevingskontor eller hjå annan godkjend meklar. Meklingsattest må vedleggast søknad og vera under 6 måneder gammal for å veragyldig. Det finns nokre unntak, men ta kontakt med bufetat angåande dette. Her finn du meklere:

www.bufetat.no

Bur barna hjå den eine, har vedkommande rett på utvida støtteordninger/trygdeytelser. Både ved separasjon og skilsmisse kan ein krevje sine eventuelle økonomiske rettigheter. For informasjon rundt dette ta kontakt med NAV. [tilbake]

Vert vi skilt automatisk etter eitt års separasjon eller må ein søkje om skilsmisse?

Svar: Nei, separerte ektefellar må sjølv søkja formelt om skilsmisse. Eitt år etter at Fylkesmannen har gitt separasjonsbevilling, kan ektefellane søkje om skilsmisse, jf. ekteskapslova § 21. Vilkåret for skilsmisse er at ektefellane har budd ifrå kvarandre i separasjonstida. Ekteskapet blir først endeleg oppløyst ved at det gis bevilling til skilsmisse. [tilbake]

Kan ein få skilsmisse utan å ha fått bevilling til separasjon først?

Svar: Ektefellane kan krevje skilsmisse utan at ein har søkt om separasjon først dersom samlivet har vore brote i minst to år, jf. ekteskapslova § 22. Dette kallast for ein direkte skilsmisse. Dersom partane er samde om at dei har budd frå kvarandre i to år, er det Fylkesmannen som behandlar søknaden om skilsmisse. Dersom ektefellane ikkje er samde om at vilkåra er oppfylt, må ein domstol behandle ei skilsmissesak etter § 22.

Ved overgrep og tvangsekteskap gjev ekteskapslova §23 adgang til direkte skilsmisse. I slike tilfeller er det domstolen som behandlar saka. I tilfeller eit ekteskap er inngått mellom nære slektningar etter §3 eller det er tale om bigami etter §4, har kvar av ektefellane adgang til å få ekteskapet omstøtt ved dom etter ekteskapslova §24. [tilbake]

Må me dela felleseige før me kan søkja om skilsmisse?

Svar: Frå det tidspunktet Fylkesmannen gjev bevilling til separasjon, inntrer ein praktisk viktig konsekvens: den eine eller begge partane kan krevje deling av formuen som er felleseie jf. ekteskapslova §57a.

Det er likevel ikkje naudsynt for søknaden at partane er samde om deling av felleseige når ein søkjer om separasjon eller skilsmisse. Desse spørsmåla kan takast opp seinare. Om ein vel å utsette deling til skilsmisse føreligg, er det formuemassens verdier på separasjonstidspunktet som gjeld ved delinga. [tilbake]

Kva skjer dersom den eine ektefellen nektar å skrive under søknad om separasjon/skilsmisse, kan eg søke separasjon eller skilsmisse aleine?

Svar: Ja, du kan søkje aleine men dykk er fremdeles begge part i saka. Fylkesmannen skriv til den som ikkje har signert søknadsskjema og ber om underskrift. Dersom vedkomande framleis ikkje vil skrive under, vil det likevel bli gitt bevilling til separasjon/skilsmisse og dette vil bli forkynt/gjort kjendt for parten. Saka kan då måtte sendast til forkynning gjennom namsmannen. Dette vil medføre lengre saksbehandlingstid før endeleg bevilling kan sendast ut. [tilbake]

Kor lang er saksbehandlingstida og korleis kan me på raskaste måte få bevilling til separasjon eller skilsmisse?

Svar: I saker der begge partane har signert og alle naudsynte vedlegg ligg ved søknaden, tek me sikte på at saksbehandlingstida i separasjonssaker ikkje skal vere over 2 veker og i skilsmissesaker ikkje over 8 veker. Felles separasjons- og skilsmissesøknader, det vil seie når begge partane er samde om å sende søknaden, vil få kortast saksbehandlingstid.

Saksbehandlingstida varierer alt etter om skjema er riktig utfylt, kor komplisert saka er og om saka er godt opplyst når ho kjem til Fylkesmannen. Du kan gi beskjed om det er tidsfristar du helst bør få svar innan, så vil vi prøve å ta omsyn til det så langt det er praktisk mogleg.

Vidare er det ein stor fordel dersom begge partar kryssar av på at dei vil fråfalle retten til å klage over at bevilling blir gitt. Dersom ein ikkje fråfell klage vert det meir korrespondanse og ventetid før vi kan sende ut separasjons- eller skilsmissebevilling. [tilbake]

Kva betyr det at ein seier frå seg retten til å klage over at skilsmisse- eller separasjonsbevilling vert gitt?

Svar: Det inneber at vedtaket om å innvilga separasjon eller skilsmisse får verknad frå den dagen Fylkesmannen har gjort vedtak om å innvilga separasjon eller skilsmisse. Avgjørelsen vert endelig med ein gong slik at bevilling kan sendast ut straks. [tilbake]

Kven kan stadfeste underskrifta til søkjarane?

Svar: Alle over 18 år kan stadfeste underskrifta. Dette gjeld også slektningar. Underskrift må bekreftast av to vitner eller ein advokat/offentlig tjenestemann.

Når det gjeld adskillelseserklæringa i separasjonstida må stadfestinga vere av nokon som kjenner til at ektefellane har levd frå kvarandre og kjenner den eine eller begge ektefellane. Merk at adskillelseserklæringa ikkje må vera eldre enn fire måneder når Fylkesmannen mottek søknaden. [tilbake]

Eg er utanlandsk statsborgar. Kan eg søkje separasjon eller skilsmisse i Noreg?

Svar: Det er krav om ei viss tilknyting til Noreg for at ei sak om separasjon og skilsmisse kan behandlast av Fylkesmannen her i landet. Som hovudregel må partane dokumentere at minst ein av dei er fast busett i riket, eller at ein har fått asyl med status som flyktning. Dei nærare reglane går fram av ekteskapslova § 30b og forskrift om når ein utanlandsk statsborgar skal reknast som fast busett i Noreg. [tilbake]

Vi er norske statsborgarar som bur i utlandet. Kan vi søkje separasjon og skilsmisse i Noreg?

Svar: Ja, dersom dykk er einige om å søkje separasjon og skilsmisse i Norge, og når dykk søkjer skilsmisse etter først å ha fått separasjon i Noreg.

Spørsmålet er regulert av ekteskapslova § 30b. I visse tilfelle kan det søkjast om separasjon og skilsmisse i Noreg sjølv om partane er busette i utlandet. Mellom anna gjeld dette dersom begge partar er norske statsborgarar og ingen ikkje motset seg at saka vert behandla i Noreg. Andre alternativ er at partane søkjer skilsmisse på bakgrunn av separasjon frå Noreg, eller at søkjar er norsk statsborgar og kan dokumentere at han på grunn av sitt statsborgarskap ikkje vil kunne reise sak i landet han er busett.

Rettleiinga vedlagt i søknadsskjema for separasjon og skilsmisse gir også svar på mange spørsmål. [tilbake]

Kan eg få bevillingen på eit anna språk enn norsk?

Svar: Nei. Bevillingene utstedes kun på norsk. Du må selv sørge for å oversette bevillingen til eit annet språk enn norsk av en autorisert oversetter/translatør [tilbake]

Kven melder frå til folkeregisteret om endring av sivilstand?

Svar: Fylkesmannen send melding til Folkeregisteret når endeleg bevilling om separasjon eller skilsmisse vert sendt ut til partane. [tilbake]

Får ein tilbake namnet som ugift ved separasjon/skilsmisse?

Svar: Nei. Etter separasjonen beheld ektefellane det etternamnet dei hadde i ekteskapet. Navneendring må meldast særskilt i eit eige skjema og sendast til Folkeregisteret. Sjå www.skatteetaten.no [tilbake]

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.