Forvaltningsrett

Oppdatert 12.03.2024

Forvaltningslova har generelle reglar om blant anna habilitet, teieplikt og rettleiingsplikt. Lova tek også for seg utgreiingsplikt, grunngivingsplikt, underretningsplikt og klage- og omgjeringshøve. Lova inneheld også reglar om korleis forskrifter og vedtekter skal utarbeidast.

Forvaltningslova avgjer blant anna korleis ein kommune eller eit statleg forvaltningsorgan skal gjere vedtak, og gir deg som innbyggjar klare rettar i møte med det offentlege:

  • Du har rett til å bli varsla om ei pågåande sak.
  • Du har rett til å søkje råd hos ein advokat eller ein annan du har tillit til.
  • Du har rett til (med nokre unntak) å sjå dokumenta i saka di.
  • Du har rett til å få ei grunngiving for det vedtaket som er gjort.
  • Du har rett til å klage på enkeltvedtak.
  • Du kan i visse tilfelle få dekt sakskostnader dersom vedtaket blir endra etter ei klage.
  • Du skal få hjelp til å klage hos den som har gjort vedtaket.

Det er berre vedtak som gjeld rettane og pliktene til enkeltpersonar, som blir rekna som enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans for nokre typar enkeltvedtak.

Vis meir