Tilbod til barn opp til 12 år

Det er noko ulik praksis frå kommune til kommune når det gjeld kva for nokre barn som får tilbod på skolen. Sjølv om kommunen må ha ein restriktiv praksis for å hindre spreiing av virus, er til dømes det å avgrense tilbodet til 1.- 4. klasse, ikkje i tråd med retningslinene.

Tilbodet for barn med foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar, eller andre virksomhetskritiske oppgåver, skal være for barn under 12 år. Vi viser elles til Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

Når det gjelder tilbod til barn med særskilte omsorgsbehov, må den einskilde skole og barnehage gjere konkrete og individuelle vurderingar av kva for nokre barn dette er. Momenter i vurderinga kan være faktorar ved barnet som store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, men også faktorar i barnet sin omsorgssituasjon. I desse tilfella vil både foreldre/føresette, helsesykepleierar og kommunalt barnevern kunne vere viktige kjelder til informasjon om korleis barna sin omsorgssituasjon er. Situasjonen for desse barna vil også kunne bli meir alvorleg etter som tida går.