Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2019

Dronning Sonjas skolepris skal gå til ein skole som praktiserer inkludering og likeverd på ein god måte. (Foto: Kongehuset)
Dronning Sonjas skolepris skal gå til ein skole som praktiserer inkludering og likeverd på ein god måte. (Foto: Kongehuset)

Dronning Sonjas skolepris skal gå til ein grunnskole eller ein vidaregåande skole, som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering på ein god måte. Nominasjonar må sendast Fylkesmannen innan 26. august 2019.

Dronning Sonjas skolepris

Dronning Sonjas skolepris går kvart år til ein skole som merkjer seg ut ved å praktisere likeverd og inkludering på ein fullverdig måte. Hennes Majestet Dronning Sonja tok initiativ til prisen i 2005. Det er fylkesmennene som nominerer skolar til prisen. Vinnarskolen får 250 000 kroner og eit kunstverk.

Kriterier for prisen

Dronning Sonjas skolepris skal kvart år tildelast ein skole som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering.

  • Skolen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medvirkning, tryggheit og fellesskap.
  • Skolen er kjenneteikna av positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skole og heim.

Likeverd betyr at alle elevar skal få oppleve at dei møtast på ein likestilt og verdig måte. Inkludering som er eit vidare begrep enn integrering, betyr at alle skal oppleve at dei er anerkjente deltakarar i skolefellesskapet.

På nettstaden til Utdanningsdirektoratet finn du meir informasjon om prisen.

Nominasjonsprosessen

Alle kan nominere skolar til prisen og skolen treng ikkje vere "perfekt" for å bli nominert. Det er viktig at juryen får eit godt utval av kandidatar å velgje mellom.

På nettstaden til Utdanningsdirektoratet finn du også skjema for nominasjon

Send nominasjon til Fylkesmannen i Rogaland. PB 59, 4001 STAVANGER fmropost@fylkesmannen.no innan 26. august 2019

 

Kontaktpersonar